Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Spesialtannlege (20 %) ved Seksjon for oral protetikk

Søknadsfrist: 02.02.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Spesialtannlege (20 %) ved Seksjon for oral protetikk

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei fast stilling (20 %) som spesialtannlege ved Seksjon for oral protetikk.

Arbeidsoppgåver:

Spesialtannlegen skal delta i seksjonen si teoretiske og kliniske undervisning for odontologi- og tannpleiarstudentar, kvalifiseringskandidatar og spesialistkandidatar. Undervisninga omfattar forelesingar, seminar- og klinikkundervisning. I tillegg inngår utvikling av undervisningsmateriell, og tilrettelegging av- og deltaking i klinisk forsking og i faglege fora. Spesialtannlegen må vere ansvarshavande på kliniske økter, utgreie, leggje til rette, rettleie og behandle pasientkasus på ulike nivå. I tillegg vil det vere aktuelt og vere med på å utvikle Instituttet/Universitetsklinikken ved deltaking i prosjekt og utval.

Spesialtannlegen rapporterer til seksjonsleiar/overtannlege ved Seksjon for oral protetikk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege og vere godkjend spesialist i oral protetikk. Det er ein føremon at den som vert tilsett har norsk doktorgrad eller tilsvarande kompetanse. Omfattande klinisk erfaring og pedagogisk kompetanse og erfaring er eit krav.

Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil dei personlege eigenskapane verte vektlagde.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som spesialtannlege (kode 0787) er lønt i lønssteg 67 (for tida kr 605 500 brutto pr. år for ei fulltidsstilling). For særskilt kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
  • søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakteruskriftene er på eit av desse språka
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS