LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i 2D/3D ’Forward’ modellering av fjellbygging

Søknadsfrist: 20.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor innan 2D og 3D geodynamisk modellering av utvikling av «orogene-foreland-fold-and-thrust-belt» system kopla med overflate prosessar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Vi ønskjer å tilsette ein aktiv forskar med dokumentert forskingserfaring i geodynamisk og overflate prosess modellering. Kandidaten vil vere ein del av eit stort forskingslag med 8 forskarar og stipendiatar som skal utforske interaksjon mellom rift-passive margin og orogene system med overflate prosessar ved bruk av numeriske modellering og observasjonar frå utvalde system.

Kandidaten vil vere ansvarleg for tilpassing av kopla 2D og 3D tektoniske-overflate prosessmodellar for å forstå utvikling av «orogene-foreland-fold-and-thrust-belt» system med fokus på interaksjon og tilbakekoplinga mellom den rheologiske strukturen, overflateprosessar, og ekstensjons arving i naturlege system, som til dømes Pyreneene og Andesfjellene. Den som tilsetjast vil ha arbeidsstad ved Institutt for geovitskap og skal arbeide med professor Ritske Huismans.

Kandidaten som får stillinga vil forventast å ta ein ledande rolle i å utvikle forsking innan desse forskingsområda og å publisere resultata i leiande, fagfellevurderte tidsskrift. Han eller ho vil og forventast å delta i andre aktivitetar slik som undervising på bachelor- og masternivå, dessutan oppfølging av master- og ph.d.-studentar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor tektonikk, geodynamikk eller geofysikk, eller må ha levert doktoravhandling for vurdering før søknadsfristen. Det er ei føresetnad for tilsetting at doktorgraden er fullført.
  • Relevant bakgrunn og forskingsinteresse i kvantitativt tektonisk og/eller overflate prosess modellering og kvantitativt geovitskap er eit krav.
  • Erfaring med orogene system, lang tidskale tektonisk og overflate prosess modellering, og erfaring med applikasjon/bruk av «finite element» metodar er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett, for arbeid i vitskapelege toppstillingar. 10% av arbeidstida kan brukas på aktivitetar knytte til undervisning, formidling og kommunikasjon ved Institutt for geovitenskap. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt).

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 535 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

  • Professor Ritske Huismans, Institutt for geovitskap, Universitetet i Bergen, epost: Ritske.Huismans@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS