LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instruktørtannlege - oral protetikk

Søknadsfrist: 24.05.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instruktørtannlege (faste)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig inntil 3 x 40 % stillingar som instruktørtannlege. Tilsetting i 20% stilling kan vere aktuelt. Stillinga er ved Seksjon for oral protetikk og vil ha ei viktig funksjon inn mot ferdigheitskurset i oral protetikk.

Søkjar må opplyse kva arbeidsdagar som er aktuelle.

Ein gjer merksam på at sjølv om ein tilsett har arbeid ved ein spesiell seksjon, så kan ein måtte flytte til anna seksjon etter behov ved klinikken.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidet omfattar sjølvstendig klinisk og teoretisk undervisning av kvalifiseringskandidatar og studentar (tannlege- og tannpleier), behandling av institusjonen sine pasientar, supervisjon og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. Den sjølvstendige teoretiske undervisninga kan vere i form av seminar og demonstrasjonar. I tillegg må ein vere budd på å vere aktivt med på å utvikle nye undervisingsopplegg, samt vere forplikta til å delta i etterutdanningsopplegg som vert tilbudd t.d. innan pedagogikk.

I tillegg vil det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora.

Institutt for klinisk odontologi er i gang med innføring av ny studieplan som mellom anna legg vekt på tidlegare integrering av pasientbehandling i studieforløpet, større vekt på behandlingsplanlegging og totalbehandling, samt meir studentaktive undervisningsformer. Institutt for klinisk odontologi kan tilby eit spannande fagleg og sosialt miljø i trivelege lokalar.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato
  • Meistrar norsk språk, skriftleg og munnleg, på tilsetjingstidspunkt
  • Erfaring frå allmenn praksis som tannlege er eit ynskje
  • Undervisningserfaring er eit ønskje
  • Gode formidlingsevner
  • Det er ein føremon at søkjar har anna ekstern klinisk stilling for å oppretthalde eigne kliniske ferdigheiter

Ved vurdering av søkjar vert det lagt vekt på fagleg aktivitet relatert til oral protetikk (kursdeltaking innan protetiske emne, god erfaring med ulike typar for protetisk behandling) samt ulike former for undervisningserfaring. Søkjar bør ha anna stilling utanom Institutt for klinisk odontologi for å oppretthalde sine kliniske ferdigheiter.

Den som vert tilsett må ha god kunnskap i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Startløn (kode 1015) kr 565 000 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, for særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt
  • Sedlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Klinikkleiar Neshe Lie, tlf.: 55 58 66 30 eller e-post: Neshe.Lie@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS