LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i rettsvitskap med kompetanse i barnevernrett

Søknadsfrist: 18.11.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Det juridiske fakultet og Det psykologiske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i rettsvitskap med kompetanse i barnevernrett. Stillinga er delt mellom dei to fakulteta og undervisinga vil vere ved Masterprogrammet i Barnevern ved Det psykologiske fakultet. Kontorplass og forskingsoppgåver vil vere nært knytta til fagmiljøa ved Det juridiske fakultet.

I 2021 vil det bli vedtatt nye nasjonale retningslinjer for masterprogrammet i barnevern. Desse nye retningslinjene vil få stor betydning for utviklinga av masterprogrammet ved Det psykologiske fakultet, som det blir tilbod om frå hausten 2022. Den som vert tilsett i stillinga vil vere ein viktig fagperson i arbeidet med videreutviklinga av masterprogrammet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Undervise, ta emneansvar og veilede på master- og PhD-nivå innafor temaet Rettsanvendelse og rettssikkerhet på barnevernsområdet. Forske og leia arbeid med å utarbeide nye forskingsprosjekt og søknadar om eksterne forskingsmidler.
  • Bidra til tverrfagleg forsking på temaer med relevans for barnevern ved Det juridiske fakultet og Det psykologiske fakultet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning og norsk doktorgrad i rettsvitskap eller tilsvarande rettsvitskapleg kompetanse på søknadstidspunktet.
  • Søkjarar må dokumentere generell rettsvitskapleg kompetanse. Minst eitt arbeid må gje ein djuptgåande analyse med grunnlag i norske rettskjelder, eller som frå folkerettslege eller andre internasjonale rettskjelder kastar lys over spørsmål av betydning for norsk rett.
  • Søkjarar må kunne undervise på norsk eller eit skandinavisk språk frå tilsetjing, og ha gode formidlingsevner på engelsk munnleg og skriftleg. Det vil bli stilt krav om at undervisinga skjer i tråd med nasjonale retningslinjer for masterprogrammet i barnevern.
  • Det vil òg bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Søkjarane må ha gode samarbeidseigenskapar og vise evne og motivasjon til å bidra til oppbygginga av eit godt fagmiljø i barnevernrett ved dei to fakulteta. I søknaden skal søkjaren gjere greie for måla sine for forskingsaktiviteten og moglege bidrag til fagmiljøet i barnevernrett ved fakulteta.
  • Ein sakkunnig komité skal vurdere søkjarane sine kvalifikasjonar. I vurderinga vil hovudvekta bli lagt på dei innleverte vitskaplege arbeida og kompetanse i barnevernrett. Det vil vidare bli lagt vekt på om søkjaren har kompetanse til å undervise i tråd med dei nasjonale retningslinjene for master i barnevern.
  • Det vil bli lagt vekt på pedagogiske kvalifikasjonar, erfaring frå populærvitskapleg formidling, relevant praksis, fagpolitisk og administrativt arbeid. Vi viser ellers til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse, kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.
  • Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett, vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
  • Den som blir tilsett, må vere villig til å engasjere seg i utviklingsarbeidet innan sitt eige fag og for universitetet som heilskap.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 64 - 72 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 575 600 - 670 100 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Namn på referanse som kan stadfeste korleis du fungerer i undervisingsamanheng
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege publikasjonar du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 10)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden jf siste kulepunkt.

Det vil bli nytta intervju og prøveforelesing i tilsettingsprosessen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS