Stilling:

Stipendiat (Institutt for geografi)

Søknadsfrist 21. september 2018

Ved Institutt for geografi, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som stipendiat for 4 år. 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.

Instituttet ligg under Det samfunnsvitskaplege fakultet og har for tida 19 fast vitskapeleg tilsette, 5 postdoktorstipendiatar og 30 PhD-stipendiatar. Tilsette og stipendiatar driv forsking og feltarbeid i store delar av verda. For vidare detaljar visar vi til instituttet sine nettsider, http://www.uib.no/geografi. Instituttet gir undervisning på bachelor-, master- og PhD-nivå.

Stipendiatstillinga er retta inn mot UiBs strategiske satsingsområde ≪Globale samfunnsutfordringar». Søkjarar som har fokus på ulikskap og mattryggleik i eit globalt perspektiv vert spesielt oppmoda til å søkje, men prosjekt i tilsvarande tema kan og vurderast. Ein GIS-komponent kan inkluderast i heile eller delar av prosjektet. Søkjarar må i prosjektskildringa gjere greie for korleis prosjektet kan bidra til pågåande forsking ved instituttet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i geografi. Graden må vera avlagt innan søknadsfristen
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilhet.
  • Du må vere sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet og ha entusiasme for forsking

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidligare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i forskarutdanninga ved UiB. Utdanninga har ein normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av utdanningsbakgrunnen må minst svare til femårig, norsk masterutdanning, inklusive ein toårig mastergrad som omfattar ei masteroppgåve. Mastergraden skal være innen det fagområdet det søkes opptak om.

Vi kan tilby:

  • Løn etter lønssteg 50 (Lpl.17.515, st. kode 1017, LR20.8) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 436 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd
  • Gode velferdsordningar

Prosjektet:

Kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstillingar og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til forskarutdanninga.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Inntil to publikasjonar, ei av dei skal vere masteroppgåva
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bedne om å sende inn ein oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida «Søk på jobben».

Søknaden må merkas: 18/5838

Søknadsfrist: 21. aeptember 2018

Søknader utan prosjektskisse eller søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

Generell informasjon

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg instituttleder Peter Andersen, e-post peter.andersen@uib.no, eller tlf. 55583063 / 92091943.

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgjevar Beathe Moldestad, e-post beathe.moldestad@uib.no eller tlf. 55 58 90 56.

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si forskarutdanning. Nærare opplysningar om forskarutdanninga kan ein finna på http://link.uib.no/?TnwW. Eventuelle spørsmål om forskarutdanninga kan rettast til seniorkonsulent Hanne Gravermoen, e-mail: hanne.gravermoen@uib.no, phone: +47 55 58 90 68.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS