Stilling:

Stipendiat i kontroll på magmatisk arkitektur i sedimentære basseng

Søknadsfrist 3. oktober 2018

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat i sedimentær og magmatisk geologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Tittel på prosjektet: Litologisk kontroll på utvikling av mafiske intrusjonar i sedimentære basseng.

Mafiske gangkompleks er størkna tilførselssystem som førte magma til tidlegare mafiske vulkanar. Mange gangkompleks opptrer i sedimentære basseng, og førar ofte til endringar i bassengutviklinga. Korleis slike røyrsystem utviklar seg, og korleis dei blir påverka av typen sedimentære bergartar som finst under vulkanane, har til no fått lite vitskapleg merksemd. Nyare arbeid har vist at eigenskapane til verstbergarten spelar ei viktig rolle. Forståing av korleis vulkanske tilførselssystem utviklar seg er viktig for å føreseie vulkanske farar, og å nytte ressursar som geotermisk energi og hydrokarboner i vulkanske basseng.

Målet med dette prosjektet er å forstå korleis forskjellige litologiar (som skifer, sandstein og karbonat), tektoniske strukturar og ulike typar sementering påverkar arkitekturen til gangbergartane. Doktorgradsstipendiaten vil undersøke korleis tidlegare vulkanske tilførselssystem utvikla seg ved å samle feltdata (inkludert bergartsprøvar, sedimentologiske loggar og virtuelle blotningsmodellar samla inn ved hjelp av dronar) frå ei rekkje relevante eksempel (f.eks. Skye i Storbritannia og Utah i USA) og ved å bruke allereie innsamla feltdata fr aust-Grønland. Kandidaten vil også undersøkje relevante eksempel frå undergrunnen langs norskemarginen ved bruk av seismiske data og brønndata.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i geologi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå geologisk feltarbeid i sedimentære bergartar eller seismisk tolking frå sedimentære basseng er eit krav, og erfaring frå begge er ei føremon.
  • Erfaring frå sedimentologi, magmatisk geologi, tektonostratigrafi eller petroleumsgeologi eit ein sterk føremon. Erfaring med blotningsbasert sedimentologi eller magmatiske intrusjonar er også ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga: førarkort for bil.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamamuensis Christian Haug Eide, Institutt for geovitenskap, +47 55 58 32 34, epost: christian.eide@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS