Stilling:

Postdoktor i havvindenergi

Søknadsfrist 25. november 2018

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i havvindenergi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år og er knytt til «Bergen Offshore Wind Centre», BOW. Geofysisk institutt er vertsinstitutt for BOW som skal samordne UiB si satsing innan havvindenergi.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

  • Postdoktorstillinga er ein del av BOW, som har som mål å utvikla forsking på eit vidt område innan havvindenergi. BOW har tre fokusområder: Vindressursar, feltevaluering og operasjon av vindparkar. Senteret inkluderer såleis fagmiljø frå dei fleste fakulteta på UiB. BOW er eit nytt initiativ under UiB sitt satsingsområde på klima og energiomstilling.
  • Stillinga vil særleg vere knytt til problemstillingar omkring kartlegging av vind og bølgjeforhold og deira verknad på havvindturbinar.
  • Universitet i Bergen har etablert masterprogrammer innan fornybar energi og havteknologi. Arbeidsoppgåvene vil innebere deltaking i undervisning i desse programma, spesielt knytt til ulike fornybare energiressursar, ressursgrunnlag, konverteringsprinsipp og bruk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande innanfor meteorologi, fysisk oseanografi, matematikk, fysikk, marin teknologi eller andre relevante disiplinar, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det kreves bakgrunn innan vindenergi, marin teknologi, meteorologi, eller liknande.
  • Erfaring frå ulike fornybare energiressursar er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.Søkjarar bør helst ha gode norskkunnskapar
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år, kor av inntil eitt år kan vere pliktarbeid i form av undervisningsarbeid og tilsvarande arbeid. Undervisningsarbeidet vil vere knytt til masterprogramma i energi og havteknologi.

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan.

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Finn Gunnar Nielsen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS