Stilling:

Postdoktor i marin bioteknologi

Søknadsfrist 20. august 2018

Ved Institutt for biovitenskap (BIO) (www.uib.no/bio) er det ledig ei stilling som postdoktor innan marin bioteknologi knytt til prosjektet “Nasjonal mikroAlgepilot Mongstad» (NAM). Stillinga er for ein periode på 3 år med høve til inntil ytterligare 3 månader, finansiert av Universitetet i Bergen.NAM prosjektet er basert på finansiering frå Olje- og energidepartementet, UiB, Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfond, Hordaland Fylkeskommune og Nordhordlandsrådet.

Postdoktorstillinga i marin bioteknologi ligg i forskargruppa Marin Mikrobiologi, Universitet i Bergen (http://www.uib.no/rg/mm), i samarbeid med Senter for anvendt bioteknologi ved forskingsinstituttet NORCE (Uni Research - Bioteknologi).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Vi lever i ei verd med stadig aukande behov for bærekraftige marine bioressursar for produksjon av næringsrik mat og fôr. Havbruksnæringen har behov for tilgang til nye fôrressursar for å sikre en berekraftig vekst framover, og spesielt er det behov for alternative kjelder til omega-3 feittsyrne EPA og DHA som erstatning til fiskeolje. Den globale tilgangen av fiskeolje for fiskefôrindustrien søkk i takt med et stagnerande pelagisk uttak og økt konkurranse frå andre marknader. Mikroalgar er primærprodusentar av EPA og DHA, og med sine interessante biokjemiske samansetningar og høge produktivitet er dei ei betydeleg og unytta ressurs. Etablering av NAM for oppskalert pilotproduksjon av mikroalgar er eit viktig første steg i utvikling av nye verdikjeder for å utnytte mikroalgar som ressurs inn mot fiskefôr, mat og andre høgverdiprodukt. NAM skal drive forskings- og utviklingsprosjekt innan dyrking og optimalisering av mikroalgeproduksjon. Dei fleste av våre forskingsprosjekt er tverrfaglege, med mål om å integrere kunnskap om den fullstendige produksjons- og prosesskjeda frå mikroalgar til sluttprodukt, inkludert bruk av avløpsvann som næringskjelde. Dette gjerast i nært samarbeid med nasjonale og internasjonale forskingspartnarar, i samspel med interessentar frå industrien.

Vi ser etter ein erfaren kandidat innan (mikroalge) bioteknologi for stillinga som postdoktor. Kandidaten vil ha sin hovudaktivitet ved NAM-pilotanlegget gjennom å leia forskingsaktiviteter i dei fotobioreaktorane og oppskalering av desse, utføra dyrkingsforsøk i ulik skala, optimalisera produktiviteten, og bidra til stabil drift av pilotanlegget. Kandidaten vil bli ein del av det kombinerte mikroalge-teamet ved Universitetet i Bergen og NORCE, og arbeide med ulike mikroalgeprosjekt med aktiviteter både på laboratoria i Bergen og på pilotanlegget på Mongstad.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi søkjer ein høgt motivert kandidat med bakgrunn innan eit eller fleire av følgjande fagfelt: bioprosesser, mikrobiologi, marin mikrobiologi, algefysiologi og/eller alge bioteknologi. Vi ser etter ein utadretta, positiv og fleksibel person som er interessert i å omsetje grunnleggande forsking til anvendeleg bruk og innovasjon. I tillegg må kandidaten oppfylla følgjande krav:

søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor mikrobiologi, eller anna relevant fagområde, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • erfaring med dyrking av mikroalgar i laboratorieskala er ein føremon
  • erfaring med dyrking av mikroalgar i pilotskala er eit fortrinn
  • erfaring frå arbeid med bioprosessar eller optimalisering av produktivitet er eit fortrinn
  • erfaring med praktisk problemløysing og forståing av tekniske prosessar er eit fortrinn
  • kandidaten må være en lagspelar og ha gode samarbeidsevner, men må også kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
  • kandidaten må ha evne til å ta eigne faglege avgjerder, og kunne kommunisera profesjonelt med både forskarar og eksterne prosjektpartnarar
  • kandidaten må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget utarbeidas i samarbeid med prosjektleiar/leiar og skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 515 200. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen