Stilling:

Professor ved Centre for the Science of Learning and Technology, SLATE

Søknadsfrist 18. februar 2019

Ved Centre for the Science of Learning and Technology, SLATE er det ledig ei fast stilling som professor i læringsvitskap, med fokus på bruk av digitale data og læringsanalyse for å forstå læring, undervisning og kreative kunnskapsprosessar.

Om SLATE

Centre for the Science of Learning and Technology (SLATE) er eit læringsvitskapeleg senter som bidrar til internasjonal forsking og nasjonal kompetanseutvikling ved bruk av data og dataanalyse (læringsanalyse) for å forstå læring, undervisning og kreative kunnskapsprosessar. SLATE er organisert under Det psykologiske fakultet. Senteret opna i 2016 med midlar frå Kunnskapsdepartementet og Universitetet i Bergen, og har et breitt mandat som eit nasjonalt kompetanse- og forskingssenter for læringsanalyse.

Senteret har fagleg aktivitet ved fleire fakultet og institutt. SLATE har fire forskingsklyngar: Læringsanalyse; Kreativitet, læring & teknologi; Vurdering for læring & teoretisk pedagogikk; Ny teknologi og deira underliggjande data. Forskingsprosjekta involverer både nasjonale og internasjonale forskingspartnarar. Dei omfamnar alt frå forskings-reviews og systematiske reviews til infrastruktur for utdanningsdata og prosjekt som brukar læringsanalyse for å betre forstå læring og kreative kunnskapsprosessar. Vi er eit dynamisk og inkluderande miljø på 20 personar inkludert forskarar, Post. Doc, PhD- og masterstudentar.

Med denne stillinga vil vi styrke vår forsking relatert til læringssentrert analyse, og spesielt forsking om bruk av ulike typar digitale data (for eksempel loggfiler, sensordata, øye-sporingsdata, lyd, video, fMRI m.m.) for å gi oss innsikt i læring, undervisning og kreative kunnskapsprosessar. Den kvalifiserte søkjaren vil og vere involvert i utviklinga av en læringsportefølje ved senteret.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Bidra til vidareutviklinga av det tverrfaglege forskingssenteret SLATE
  • Samarbeide med nasjonale og internasjonale partnarar om forsking og prosjektutvikling om læringsanalyse, pedagogisk datavitskap og bruk av digitale data for å forstå læring, undervisning og kreative kunnskapsprosessar
  • Bidra til utvikling av nye søknadar om ekstern finansiering frå Norges forskingsråd, EU og andre moglege finansieringskjelder
  • Bidra til utviklinga av ein undervisningsportefølje for SLATE innan pedagogisk datavitskap, læringsanalysar, kognitiv vitskap, teknologisk førebudd læring eller andre relevante tema
  • Undervisning og rettleiing av PhD/Mastergradstudentar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Ein doktorgrad i eit relevant felt for stillinga, som læringsvitskap, kognitiv vitskap, pedagogisk datavitskap, læringsanalyse, pedagogisk psykologi
  • Kompetanse innan relevante forskingsmetodar for å behandle prosessdata og digitale spor av læring (prosessorienterte metodar for forsking)
  • Erfaring frå forskingsadministrasjon
  • Omfattande erfaring frå vitskapleg publisering, forskingssamarbeid og forskingsleiing
  • Erfaring frå søknadsprosessar i samanheng med eksternt finansierte midlar
  • Flytande skriftleg og munnleg engelsk er obligatorisk
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Erfaring frå undervisning og rettleiing av mastergradstudentar og PhD studentar
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Men noen kurs blir gitt tilbod om på engelsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som professor (kode 1013) i lønssteg 77-85 etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer for tida kr 731 000,- – 921 900,-. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål
  • Attestar
  • Namn og kontaktinformasjon på 3 referansar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Dokumentasjon på undervisningserfaring og rettleiing av master- og PhD studentar
  • Ei beskriving (1-4 sider) av faglege ambisjonar og visjonar for den næraste framtid
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Alle vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga må lastas opp som vedlegg til søknaden (maksimum 15)

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jf. siste kulepunkt.

Søknadsfrist: 18. februar 2019

Søknaden skal merkast: 18/10183

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Barbara Wasson, direktør SLATE, tlf.: +47 91141297 / +47 55 58 41 20

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS