Stilling:

Koordinator (universitetslektor) for Griegakademiets Unge Talentar ved Griegakademiet - Institutt for musikk

Søknadsfrist 26. juli 2018

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk, er det ledig ei mellombels stilling i 20% knytt til koordinering og undervisningsoppgåver primært innan musikkteori i programmet for Griegakademiets Unge Talentar (GUT). Tilsetjing er ønska frå 01.08.2018 – 31.06.2019.

Griegakademiet – Institutt for musikk, er ein del av Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen. KMD er eit kraftsenter for kunstnarleg utviklingsarbeid, vitskapleg forsking og utdanning, fundert på lange tradisjonar for kunst-, musikk -og designutdanning i Bergen.

Fakultetet har om lag 600 studentar og 180 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i tre institutt (kunst, musikk og design) med ein felles administrasjon.

Institutta har stipendiatar som er knytte til Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) og ph.d.-programmet til UiB. UiB arbeider også med å få på plass eit kunstnarleg ph.d.-program, som vil innebere ei ytterlegare styrking av forskingsmiljøet ved fakultetet.

Fagmiljøa innan kunst og design er samlokaliserte i eit nytt bygg, spesialteikna for verksemda av Snøhetta. UiB arbeider for å etablere eit eige bygg for Griegakademiet - Institutt for musikk på nabotomta i Møllendal.

KMD samarbeider med leiande institusjonar, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Griegakademiet – Institutt for musikk

Griegakademiet – Institutt for musikk samlar sterke og internasjonalt akta fagmiljø. Vi vektlegg møtepunkt mellom kunstnarlege disiplinar, musikkvitskap, musikkterapi, musikkpedagogikk og andre universitetsfag. Våre fagmiljø har utstrekt samarbeid med lokale og regionale kunst- og kulturinstitusjonar. Fagmiljøet i musikkterapi samarbeider i tillegg med fag- og forskingsmiljø knytt til helse, omsorg og oppvekst.

Forskingsverksemda vår er kjenneteikna av samspel mellom ulike kunnskapsformer og -tradisjonar. Kunstnarleg utviklingsarbeid er etablert som kunnskaps- og arbeidsform på line med anna forsking ved UiB. Fagmiljøa våre trekker til seg internasjonale studentar og forskarar, og vi legg vekt på at studentane kan gjere individuelle val i studieløpa sine.

Om stillinga

GUT er ein del av eit nasjonalt talentutviklingsprogram og er eit tilbod til spesielt talentfulle ungdommar i alderen 13-19 år. Programmet er vanlegvis eit tillegg til undervisninga ved lokal kulturskule, vidaregåande skule eller i privatopplæring. Tilbodet starta i 2004 og er utvikla i samarbeid mellom dei statlege institusjonane som gir høgre utdanning i utøvande musikk. Tilbodet omfattar individuell undervising på instrument, gruppeundervising i musikkteori og gehør, samspel, meisterklasser og konserter. Koordinator vil ha ansvar for planlegging av verksemda og vil også få undervisningsoppgåver primært knytt til innføring i musikkteori. GUT organiserast i samlingar og konsertar, i hovudsak i helger.

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan utøvande musikk eller komposisjon. Søkjarar med dokumentert anerkjent kunstnarisk praksis eller utviklingsarbeid av eit visst omfang kan også verte vurdert. Søkjarar må kunne vise til kunstnarleg praksis og relevant erfaring frå undervisningsarbeid.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • pedagogisk erfaring
  • organisatoriske evner og erfaring
  • gode samarbeidsevner

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men kan òg vere engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege produksjonar som har relevans for stillinga

Dei best kvalifiserte søkjarane kan bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og kan og bli bede om å halde prøveundervising for tilsette og studentar ved instituttet.

Vi kan tilby

  • Stilling som universitetslektor med løn kr. 442.400 – 488.500 (kode 1009, LR 25/4, ltr. 50-56) etter hovudtariffavtalene i staten. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Fordeling av arbeidstida går fram av den årlege individuelle arbeidsplanen som blir utarbeidd i dialog med den enkelte tilsette og instituttleiar. Instituttleiar har ansvar for å koordinere det totale studietilbodet ved instituttet.

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenkje på denne sida «SØK STILLINGEN». Last opp alle vedlegga som separate filer. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før du lastar dei opp.

Andre opplysingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskapelige stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Fakultetet kan tilby ein interessant og krevjande stilling i eit miljø med høgt aktivitetsnivå, faglege utfordringar og gode samarbeidsforhold.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Randi Rolvsjord på tlf. + 47 - 55 58 69 79.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Søk på stillingen