Stilling:

Førstekonsulent (Kjemisk institutt)

Søknadsfrist 25. september 2018

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei fast 100 % stilling som førstekonsulent frå 1. november 2018.

Kjemisk institutt er eit av syv institutt under Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, og har 81 tilsette. Forutan studieprogramma i kjemi, er instituttet også involvert i tverrfaglege studieprogram innan farmasi, nanoteknologi, petroleum- og prosessteknologi og lærarutdanninga. På instituttet drives det grunnleggjande og anvendt forsking.

Stillinga inngår i ein instituttadministrasjon med 6 faste medarbeidarar. Administrasjonen si rolle er å leggje best mogleg til rette for at det skal drivast utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet ved instituttet. Den som vert tilsett skal rapportere til administrasjonssjefen som er dagleg leiar av administrasjonen.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for instituttets ekspedisjon, blant anna telefon, nøklar, postpakker, mottak og oppfølging av gjestar og førespunader frå tilsette og studentar
  • Studieadministrative oppgåver, inkludert eksamensadministrasjon og timeplanlegging
  • Enklare sakshandsaming og bestillerfunksjon
  • Andre oppgåver innanfor administrasjonen sitt fulle arbeids- og ansvarsområde

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på bachelorgradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant praksis er eit krav
  • God IT-kompetanse er eit krav
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren er ein føremon
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt: fleksibilitet, stabilitet, serviceinnstilling, nøyaktigheit, god orden og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som førstekonsulent etter lønssteg 42 – 51 (kode 1408/LR 21) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 391 800 – 449 400). For spesielt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Kristin Sofie Farkas, epost: Kristin.Farkas@uib.no, tlf: 55 58 34 42

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS