Stilling:

Studiekonsulent (førstekonsulent) - Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Søknadsfrist 12. august 2018

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei 100 % fast stilling som studiekonsulent/førstekonsulent frå 1. september 2018.

Stillinga vert tilknytt einskilde av instituttets fagområde, og det kan vere aktuelt å tilpasse henne til bakgrunnen til den som får stillinga.

Litt om arbeidsplassen

LLE er eitt av fire institutt ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Instituttet femner om faga litteraturvitskap, språkvitskap, norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, kunsthistorie, klassisk filologi, teatervitskap, digital kultur og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette. Det er om lag 100 vitskapleg tilsette ved instituttet, og 15 personar knytte til administrasjonen.

Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet ved instituttet. Den administrative drifta av instituttet er eit lagarbeid og alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre oppgåver enn dei spesifikke funksjonane som er lagde til stillinga.

Næraste overordna er studieleiaren ved instituttet.

Aktuelle arbeidsoppgåver

20 % av stillinga er normalt knytt til Informasjonssenteret ved Det humanistiske fakultetet.

Stillinga har varierte oppgåver innan studieadministrasjon:

  • studierettleiing
  • eksamensplanlegging og -avvikling, undervisningsplanlegging og -oppfølging
  • mottak og oppfølging av studentar
  • oppfølging av utdanningsplanar og masterkontraktar
  • studieplanarbeid
  • informasjons- og rekrutteringsarbeid
  • ymse sakshandsaming
  • deltaking i administrasjonsfaglege nettverk
  • halde kontakten med interne og eksterne sensorar
  • rutineutvikling og aktiv deltaking i fagleg-administrative nettverk
  • oppgåver knytt til etter- og vidareutdanning og eventuelt andre administrative oppgåver ved instituttet

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad eller anna utdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje.
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren, samt offentleg forvaltning er ein viktig føremon.
  • Kjennskap til - eller bakgrunn frå instituttets fagtilbod er ein føremon.
  • Interesse for og gode evner innan (studie)rettleiing og sakshandsaming vert vektlagt.
  • Det blir lagt vekt på relevant it-kompetanse (til dømes FS, ePhorte, Inspera)
  • Erfaring med studieadministrasjon, eksamensadministrasjon og undervisningsplanlegging er ein føremon

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, initiativ, fleksibilitet og sørvisinnstilling
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress
  • Språk – både skriftleg og munnleg
  • Begge målformer, nynorsk og bokmål
  • Gode engelskkunnskapar

Vi kan tilby

  • Godt fagleg og sosialt miljø
  • Kompetanseutvikling
  • Løn etter kr. 449 000 – 480 200 (kode1408) på grunnlag av tenesteansiennitet etter tariffavtalene i Staten. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fungerande administrasjonssjef Aleksander Morland ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, tlf. 55 58 22 95 eller e-post aleksander.morland@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.

Personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via «SØK PÅ JOBBEN».

Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette.

Søknadsfrist: 12. august 2018

Søknaden skal merkjast: 18/8651

Web: www.uib.no

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS