Stilling:

Vedlikehaldsleiar (Eiendomsavdelingen)

Søknadsfrist 15. november 2018

Universitetet i Bergen

Eigedomsavdelinga har ansvaret for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin bygningsmasse, som omfattar omlag 90 bygg med i alt 377.000 m2, inkl. innleige av 73.000 m2. Avdelinga har ca. 100 tilsette og forvaltar eit driftsbudsjett på ca. 400 mill. og eit investeringsbudsjett på ca. 115 mill. Avdelinga er organisert i tre einingar - Prosjekt, Drift og Fagstøtte og Stab. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstadvollen/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.


Drift har det daglege ansvaret for FDVU av bygg, tekniske installasjonar og utomhusareal. Bygningsmassen er inndelt i fem driftsområde med eigen drift, og i tillegg er det noko innleigd drift. Driftsområda vert leia av ein eigedomsforvaltar som rapporterer til seksjonssjef Drift.

Ved Eigedomsavdelinga, Drift er det ledig ei fast 100 prosent-stilling som vedlikehaldsleiar. Stillinga er i dag plassert i driftsområde 2. Dette driftsområdet har mellom anna ansvaret for Studentsenteret, sentraladministrasjonen, Det psykologiske fakultet og Det samfunnsvitenskaplege fakultet. Stillinga rapporterer til eigedomsforvaltar.

Er du ryddig, strukturert og initiativrik med interesse for utvikling og endring? Då er du kanskje vedlikehaldsleiaren vi ser etter. Vi er på jakt etter deg som har erfaring frå vedlikeholds- og dokumentasjonsarbeid. Du må handtere mange oppgåver samtidig og i samsvar med våre verdiar som er: «Samhandling, respekt, redelighet og åpenhet»

Stillinga byr på varierte arbeidsoppgaver og krev derfor at du har kunnskap innanfor fleire felt. Vi ser etter ein person som har erfaring frå drift og vedlikehald av bygg og tekniske anlegg, økonomi og administrasjon. Erfaring frå større tekniske anlegg med kjølemaskiner, ventilasjon, sentral driftskontroll og drift av basseng m.v. vil bli særskilt lagt vekt på. Du må ha gode IT-kunnskapar, og generelt vere analytisk.

Du må kunne jobbe i team og få teamet til å jobbe saman mot samme mål. Vi ser etter deg som er løysings- og samarbeidsorientert og som gjerne ser andre/nye måtar å løysa oppgåvene på..

Stillinga inngår i leiarteamet for driftsområdet og rapporterer til eigedomsforvaltar.

Arbeids- og ansvarsoppgåver:

  • Drift og vedlikehald av bygg og tekniske installasjonar i samsvar med lover og forskrifter
  • Planlegging av kort- og langsiktig vedlikehald
  • Pådrivar for kontinuerlege forbedringar
  • Styring av oppdrag på ein måte som sikrar at UiB er ein tryggarbeidsplass
  • Følgje opp og utvikle interne rutinar
  • Offentlege innkjøp av varer og tenester i samsvar med driftsområdet sitt budsjett
  • Setje fokus på brukar-/leverandørforhold og yte service både mot brukarar og internt i eigen organisasjon
  • Rapportering iht. oppsette mål

Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning, til dømes teknisk fagskule, sekundært fagarbeidarutdanning med fagbrev, fortrinnsvis innan byggtekniske fag. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant erfaring frå drift og vedlikehald av bygg og tekniske anlegg. Erfaring frå større tekniske anlegg med kjølemaskiner, ventilasjon, sentral driftskontroll og drift av basseng vil bli særskilt lagt vekt på
  • Gode kvalifikasjonar og erfaring med bruk av IT-verktøy
  • Erfaring frå budsjett og økonomi
  • Gode norskkunnskapar skriftlig og muntleg
  • Vi ser det som ein føremon at søkjar har:
  • Kunnskap om offentlege innkjøp
  • God fleirfagleg innsikt
  • Erfaring frå overtaking, oppstart og prøvedrift av nye bygg

Personlege eigenskapar:

  • Godt humør og stå-på-vilje
  • Ryddig og strukturert med evne til å organisere
  • Vere flink til å handtere fleire utfordringar samtidig
  • Initiativrik med interesse for utvikling og endring
  • Effektiv og analytisk anlagt
  • Serviceinnstilt
  • Kvalitetsbevisst
  • Resultatorientert
  • Vere løysings- og samarbeidsorientert, men samtidig kunne arbeide planmessig og sjølvstendig
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima

Hos oss kan du vente:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • løn som vedlikehaldsleiar (kode 0400) etter lønnstrinn 60 – 67 (kr. 524 200 - 597 400) etter kvalifikasjonar og bakgrunn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
  • opplæring og tilbod om vidareutdanning og utvikling
  • velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage
  • medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
  • bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med:

  • Eiendomsforvalter: Tone Wold, tlf. 950 46 018
  • Seksjonssjef Drift: Jan-Terje Nygaard, tlf. 915 64 650

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS