Stilling:

Senterleder ved Senter for vitskapsteori

Søknadsfrist 15. oktober 2018

Ved Senter for vitskapsteori er det med verknad frå mars 2019 ledig ei åremålsstilling som senterleiar. Åremålsperioden for stillinga er fire år, med høve til ytterlegare forlenging. Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga lysast ut offentleg. Ingen kan tilsetjast i meir enn tre åremålsperiodar.

Om senteret

Senter for vitskapsteori (SVT) er eit interfakultært senter ved Universitetet i Bergen. Senteret er administrativt plassert ved Det humanistisk fakultet. Fagleg og tematisk plasserer senteret seg på tvers av fakultetsgrenser og akademiske kulturar. Senteret skal fungere som ei permanent tverrfagleg, kritisk og brubyggjande verksemd ved universitetet. SVT si kjerneverksemd er å tilby og utvikle relevante forskingsbaserte undervisingstilbod i vitskapsteori og etikk i ph.d.-programma ved UiB. SVT har òg ansvar for å tilby og utvikle forskingsbaserte, tverrfaglege studieemne på bachelor-nivå, kalla danningsemne. Danningsemna er eit valfritt tilbod for alle studentar ved universitetet.

Kunnskapsarbeidet ved senteret er i stor monn prega av samspelet mellom forsking, undervisning og formidling. Senteret legg vekt på vitskapsteoretiske og etiske tema som har relevans for dei ulike fagområda og sentrale samfunnsspørsmål i vår tid. SVT skal ha eit godt og omfattande samarbeid med andre fagområde ved Universitetet i Bergen, like eins nasjonalt og internasjonalt. Senteret leier og deltek i eksternfinansierte forskingsprosjekt og tar også på seg rådgjevande roller ved UiB, så vel som i nasjonale og internasjonale fora. SVT er medlem av Nasjonalt fagorgan for vitenskap- og teknologistudier.

Den samla staben av fast og midlertidig tilsette ved SVT utgjer omlag 16 årsverk pr. 2018. Av desse er 6 faste vitskaplege stillingar med undervisningsoppgåver, fordelt ved ulike fakultet. I tillegg har senteret 2 faste vitskapelege stillingar utan undervisningsoppgåver som må finansierast av eksterne midlar. Senteret har eit mangfaldig og tverrfagleg innretta fagmiljø prega av ei brei forståing av vitskapsteori der både indre og ytre perspektiv inngår, og som inkluderer vitskapsfilosofi, -historie, -sosiologi, -etikk og andre disiplinar som forskar på vitskap, inkludert forsking på grunnlagsspørsmål innan dei ulike vitskapane, vitskaps- og teknologistudium (STS), ELSA/RRI-forsking og anna forsking på forholdet mellom vitskap og samfunn. Vitskapsteoretisk forsking krev dobbelkompetanse i form av høg fagleg kompetanse både i vitskapsteori og i faga eller fagområda som blir forska på. Til no har hovuddelen av den eksternfinansierte forskinga studert etiske og samfunnsmessige aspekt ved moderne vitskap og teknologi. Innan utvalde område har SVT forskingsresultat på høgt internasjonalt nivå, undervisnings- og formidlingsaktiviteten har fått både nasjonal og internasjonal merksemd. Senteret har høge ambisjonar innan forsking, undervisning og formidling (jamfør senterets Strategiplan http://www.uib.no/svt/22281/strategi-2016-2022)

Om stillinga

Senterleiar har det overordna ansvaret for å utvikle og leie senteret sitt faglege fellesskap for undervisning, forsking og formidling. Leiar er ansvarleg for dagleg drift, strategiske val og prioriteringar, personale og ressursbruk ved senteret. Vidare har senterleiaren det overordna ansvaret for dei faglege resultata, samt kompetanse til å gje innstilling i tilsetjingssaker. Utover dette vert senterleiaren sin kompetanse fastsett i instruks eller delegeringsvedtak frå styret ved Det humanistiske fakultet. Senterleiar rapporterer til dekanen ved Det humanistiske fakultet og til Universitetets forskingsutval (jf Reglementet https://www.uib.no/svt/22693/reglement-svt)

Til den utlyste stillinga ligg følgjande arbeidsoppgåver:

  • Fagleg og strategisk leiing av det faglige fellesskapet ved senteret innan undervisning, forsking og formidling.
  • Fagleg og strategisk leiing av forskargruppa ved senteret med sikte på å skape gode samarbeidsformer på tvers som styrker og vidareutviklar fagområdet vitskapsteori nasjonalt og internasjonalt.
  • Fagleg og strategisk leiaransvar for samarbeid på tvers av faglege og administrative einingar ved UiB. Senterleiar skal arbeide for å konsolidere og utvikle samarbeidsrelasjonar med alle fakulteta ved institusjonen, og kunne utvikle gjensidige relasjonar med og inngå i forpliktande samarbeid med relevante fagmiljø ved UiB.
  • Fagleg og strategisk leiaransvar for samarbeid med nasjonale og internasjonale fagmiljø. Dette inkluderer òg strategisk arbeid for fagområdet på nasjonalt og internasjonalt plan.
  • Forsking, prosjektinitiering og forskarrettleiing i vitskapsteori.
  • Det overordna ansvaret for administrativt og fagleg personale, ressursbruk og økonomi, samt undervisnings- og forskingsmessige resultat ved senteret. Leiaransvar for senterets stabsmøte to gonger i månaden.

Kvalifikasjonskrav

Den som vert tilsett som senterleiar, må vere ein profilert forskar med professorkompetanse i vitskapsteori/vitskapsstudiar (jf. avsnittet ovanfor, samt omtalen av senteret på senterets nettsider). Vi søkjerein senterleiar som kan vidareutvikle den faglege verksemda ved SVT, har gode evner til å kommunisere, motivere og utøve leiarskap, og som raskt kan byggje opp gode relasjonar til dei tilsette ved senteret og til andre fagmiljø. Stillinga gir rom for å kombinere fagleg leiarskap med opp til 50% eiga forskingsverksemd.

Aktuelle søkjarar må kunne dokumentere:

  • kompetanse i å utøve fagleg og administrativt leiarskap
  • kompetanse i å planleggje og implementere forskingsprosjekt, ikkje minst tverrfaglege prosjekt, medrekna søknadsarbeid og rekruttering av yngre forskarar
  • brei undervisnings- og rettleiingskompetanse i område av vitskapsteori som er relevante for opplæring i vitskapsteori og etikk i forskarutdanning på ulike fag
  • spisskompetanse på eit sentralt område i vitskapsteori/vitskapsstudiar

Berre dei søkjarane som har dokumentert kompetanse i den typen fagleg verksemd som stillinga krev, vil få forskarkompetansen vurdert.

Det er eit føremon med erfaring frå leiing av liknande tverrfaglege og komplekse organisasjonar med utstrakt samhandling med andre fagmiljø.

Undervisnings- og administrasjonsspråket er til vanleg norsk. Den som blir tilsett, må kunne bruke norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år frå tilsetjing. Det vil bli gitt tilbod om norskopplæring.

Løn

Løn etter nærare avtale og gjeldande tariffavtale (kode 1475) / ltr. 83-87 (kroner 870 900,- – 978 600,-avhengig av kompetanse og praksis. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2% til pålagt medlemskap i Statens pensjonskasse.

Andre opplysningar

Nærare opplysningar om Senter for vitskapsteori kan ein finne på senteret si heimeside: http://www.uib.no/svt.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dekan Jørgen Magnus Sejersted, tlf. 55 59 29 78, eller
  • Fakultetsdirektør Kim Ove Hommen , tlf. 55 58 93 41

Alle spørsmål vil bli behandla konfidensielt.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje.

Tilsetjing krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju.

Søk stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida ”SØK PÅ JOBBEN”. Det skal vedleggas søknaden CV og publikasjonsliste. Søkjar kan bli bedt om å sende inn publikasjonar for vurdering.

Søknadsfrist: 15.10.2018

Merk søknaden: 18/10173

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS