Stilling:

Professor i medisin (nevrologi)

Søknadsfrist 2. september 2018

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei fast stilling (100 %) som professor i medisin (nevrologi).

Stillinga skal vere knytt til forskingsgruppa «Translational Science in Neurodegeneration & Aging» ved instituttet.

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, finn du lenger ned på sida. Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte instituttleiar, Kjell-Morten Myhr (+47-4147868; Kjell-Morten.Myhr@uib.no)

Krav til kvalifikasjonar for stillinga:

  • norsk doktorgrad (eller tilsvarande kompetanse) og fullført postdoktorperiode av minst 2 års varigheit i relevant fagområde
  • godkjent spesialist i nevrologi
  • forskingskompetanse innanfor mitokondrielle mekanismar ved Parkinson sjukdom, mitokondriesjukdom, nevrogenetikk, og nevroepigenetikk
  • kompetanse innan mitokondriegenetikk, inkludert kvantitativ og kvalitativ måling av mitokondrielt DNA (mtDNA) i heilvev og enkeltceller frå hjernevev
  • erfaring frå laboratoriearbeid med DNA-baserte teknikkar (til dømes PCR, sekvensering, real-time PCR)
  • erfaring med bruk av humant muskel- og hjernevev i forsking
  • erfaring innan nevropatologisk forsking, inkludert farging og tolking av hjernevevsnitt frå pasientar med nevrodegenerative og mitokondrielle sjukdomar
  • erfaring med analyse og tolking av nestegenerasjonssekvenseringsdata (NGS) i samband med nevrogenetisk sjukdom og kompleks nevrologisk sjukdom som Parkinson sjukdom
  • dokumentert evne til å bygge og leie ei forskingsgruppe
  • dokumentert evne til å få fram eigne forskingsmidlar
  • evne til å skape forskingsmiljø gjennom eiga nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt
  • første eller siste (senior) forfattarskap ved originale, relevante artiklar publisert i høgt rangerte tidskrift i feltet
  • pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • flytande munnleg og skriftlig engelsk
  • personlege eigenskapar vert tillagd stor vekt

Den som vert tilsett skal arbeide med problemstillingar knytt til nevrogenetikk og nevrodegenerasjon i forskingsgruppa «Translational Science in Neurodegeneration & Aging» ved instituttet, og må kunne dokumentere eiga forsking innan aktuelle fagområde. Det vert lagt vekt på kompetanse innan nevrogenetikk, nevroepigenetikk og mitokondrielle mekanismar ved Parkinson sjukdom. Det vert lagt vekt på erfaring med utarbeiding og leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet innad i ei forskingsgruppe og med internasjonale samarbeidspartnarar, samt frå forskingsstrategisk arbeid og søknadar om forskingsmidlar. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Løn

Professor vert lønt etter lønssteg 76-78 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida 704 800 - 745 600 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Retningsliner

Den som vert tilsett pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid og til utan godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Slik søkjer du stillinga:

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Legg ved:

● vitnemål og attestar

● fullstendig publikasjonsliste

● liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

● ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde

● vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15) Kopier av desse i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

I tillegg ber vi søkjar legge ved:

● forskingsplan for dei neste fem år (maksimum fem sider)

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Ein viser elles til «Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger».

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

-------------------------

STILLINGSOMTALE

PROFESSOR I MEDISIN (NEVROLOGI)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei fast stilling som professor (100 %) i medisin (nevrologi).

Stillinga skal vere knytt til forskingsgruppa «Translational Science in Neurodegeneration & Aging» ved instituttet.Om instituttet

https://www.uib.no/k1

Den som blir tilsett skal delta i undervisninga i nevrologi, og rettleie mastergradstudentar og doktorgradskandidatar. Den som blir tilsett vil òg bli pålagt å delta i instituttet si generelle undervisning på lågare grad, og i arbeid på instituttet elles.

Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Vidare vil det verte lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid både i forsking, koordinering og rettleiing.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Den som blir tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjing, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk. Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til. Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal tilleggjast reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar.

Dette kan ein til dømes gjere ved å sende inn:

• prov for gjennomført pedagogisk utdanning

• evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning

• oversyn over undervisningsomfang og -nivå

• oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat

• mottekne studentprisar

• eigne pedagogiske publikasjonar

• eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell

• rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Tilsetjinga går føre seg på grunnlag av vurdering av ei vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og eventuell prøving av undervisningskompetanse.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS