Stilling:

Nettverkskoordinator (rådgjevar) ved Center for Integrated Earth Science Education (iEarth)

Søknadsfrist 17. oktober 2018

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei fast stilling som nettverkskoordinator (rådgjevar) for det nasjonale konsortiet Centre for Integrated Earth Science Education (iEarth).

Stillinga har hovudarbeidsplass ved Institutt for geovitenskap, inngår i administrasjonen og vil samarbeide tett med studieseksjonen. I det daglege vil den som blir tilsett ha ansvar for å fylgje opp og drive det nasjonale nettverket som utgjer iEarth. Nettverket har som mål å bli eit senter for framifrå utdanning (SFU) og tek sikte på å sende inn søknad om finansiering i 2019. Senteret skal drive forsking og utvikling av utdanning innan geovitenskap i tette nasjonale og internasjonale relasjonar. Nettverkskoordinatoren rapporterer til fagleg ansvarleg for iEarth, som også er næraste overordna.

Kandidaten som blir tilsett må vere førebudd på at arbeidsoppgåver og arbeidsplass kan endrast etter at SFU-søknaden er sendt.

Arbeidsoppgåver

Nettverkskoordinatoren har den administrative leiarfunksjonen i nettverket, med ansvar for overordna drift, drift av websider, sakshandsaming, koordinering og rapportering til nettverket. I tett samarbeid med fagleg ansvarleg ved Institutt for geovitenskap og den nasjonale styringsgruppa, har koordinator arbeidsoppgåver knytt til prosjektutvikling, gjennomføring og formidling, og inngår i nettverket si styringsgruppe. Nettverkskoordinatoren har eit særskilt ansvar for oppfylging og informasjonsflyt innan konsortiet, mellom dei fem partnarane, dei ulike delprosjekta og aktivitetar. Nettverkskoordinator har saman med fagansvarleg ved iEarth ansvar for god kontakt mellom partnarane og for å representere nettverket eksternt.

Døme på sentrale arbeidsoppgåver:

  • Administrasjon av nettverket
  • Sikre overordna drift, drift av websider, drift av virtual competence centre, utvikling og framdrift av nettverket sine aktivitetar i samsvar med prosjektplanen.
  • Delta i utvikling og formidling av FoU-prosjekt og aktivitetar i nettverket og hos partnerane.
  • Dokumentasjonsarbeid for iEarth nettverket.
  • Deltaking i aktivitetar knytt til Scholarship of Teaching and Learning – SoTL.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha utdanning på masternivå innan geofag eller anna relevant fagfelt.
  • Relevant praksis og dokumentert erfaring frå prosjektkoordinering, undervisning og utdanningsutvikling er ein føremon.
  • Kjennskap til og erfaring frå offentleg forvaltning og universitets- og høgskulesektoren, sakshandsaming og studieadministrativ arbeid er ein føremon.
  • Erfaring med formidlingsarbeid, og dokumentert erfaring med å formidle munnleg og skriftleg på begge målformar og engelsk.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagde:
  1. Evne til å ha oversikt, vere utviklingsorientert og raskt tileigne seg ny kunnskap.
  2. Sjølvstendig, initiativrik og kreativ.
  3. Systematisk, løysingsorientert med god gjennomføringsevne.
  4. Effektiv, fleksibel og serviceinnstilt.
  5. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrane arbeidsmiljø
  • stilling som rågjevar (kode 1434) i lønssteg 58-64 (for tida kr 505 800 – 565 500) i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Jostein Bakke, Institutt for geovitenskap, 55 58 35 03 epost: [email protected]
  • Instituttleiar Ingunn Hindenes Thorseth, Institutt for geovitenskap, 55 58 34 28 epost: [email protected]

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen