Stilling:

HR-konsulent vikar (Førstekonsulent, kode 1408) ved Sarssenteret

Søknadsfrist 3. august 2018

Universitetet i Bergen

UNIVERSITETET I BERGEN (UiB) er eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet med over 14 000 studentar og vel 3500 tilsette ved sju fakultet og Universitetsmuseet. Universitetet er lokalisert midt i hjartet av Bergen. Det viktigaste bidraget universitetet gjev til samfunnet er framifrå grunnforsking og utdanning med ei stor fagleg breidd.

Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologisk forsking (Sarssenteret) held til på Marine­holmen campus saman med biofaglege miljø knytt til Universitetet og andre forskingsinstitusjonar. Senteret er partnar med det europeiske molekylærbiologiske laboratorium (EMBL) og har som følgje av det ei sjølvstendig rolle direkte underlagt UiBs rektor og den sentrale administra­sjonen.

Ei fulltids vikariatstilling som HR-konsulent (førstekonsulent, kode 1408) er ledig ved Sarssenteret si administrasjon frå august 2018 til mars 2019. Det er moglegheit for ei forlegning utover den opphavlege tilsettingsperioden dersom personen som no innehar stillinga vel og forlenge sin permisjon. Dei administrativt tilsette ved Sarssenteret tilbyr generell kontorfagleg og administrativ støtte, inkludert økonomiske-, personal- og HMS-tenester for senteret si leiing og forskarar. I dag har senteret omtrent 70 tilsette og gjestar totalt. Sarssenteret høyrer til Universitetet i Bergen og er partner med The European Molecular Biology Laboratory (EMBL) www.embl.de/.

Arbeidsoppgåver:

  • Assistere administrasjonssjefen med rekrutteringsprosedyrar frå utlysning til tilsetting
  • Registrering av lønns- og personaldata i PAGA
  • Vedlikehald og oppdatering av senteret sine personalmapper og registrering av personalrelatert dokumentasjon ved bruk av det elektroniske arkivsystemet ePhorte
  • Assistere nye tilsette, studentar og gjestar med å etablere seg i Noreg
  • Gje generell administrativ støtte til tilsette, studentar og gjestar
  • Ytterlegare administrative oppgåver som å vedlikehalde senteret si webside kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar:

  • Minimum bachelorgrad innan relevant fagområde
  • HR-relatert arbeidserfaring og erfaring frå offentleg sektor er ønskeleg. Kunnskap om norske immigrasjonsreguleringar er eit føremon
  • Det er eit føremon med kjennskap til internasjonal forskings- og utdanningssektor
  • God administrativ IKT-kompetanse og erfaring med bruk av ePhorte og UiB nettpubliseringssystem er eit føremon
  • Flytande i engelsk og norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigeskapar:

Vi søkjer ein medarbeidar som:

  • Er serviceinnstilt, fleksibel og løysningsorientert
  • Arbeider systematisk og nøyaktig
  • Er sjølvstendig og villig til å ta ansvar
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Ei allsidig stilling med gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Eit godt profesjonelt utfordrande og sosialt arbeidsmiljø
  • Løn som førstekonsulent etter lønssteg 44-53 (kode 1408, LR21) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar: Dette utgjer for tia kr 403.200 – 464.800
  • Medlemskap i Statens personskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdstilbod

Søknad på engelsk eller norsk:

Send søknad elektronisk via JobbNorge - «Søk stillinga».

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din bakgrunn og motivasjon for stillinga
  • CV
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar

Søknad og vedlegg med sertifiserte omsettingar til engelsk eller norsk må lastast opp i JobbNorge. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søknadsfrist: 03 August 2018

Intervju vil bli heldt på norsk og engelsk.

Generell informasjon:

Utfyllande informasjon om stillinga kan ein få ved å kontakte administrasjonssjef Carol Bruce, tlf.: +47 55584360, e-post Carol.Bruce@uib.no.

UiB er ein organisasjon som i særleg grad må vere tilpassingsdyktig til endringar i omgivnadane. Den som vert tilsett må difor vere førebudd på at arbeidsoppgåvene kan bli endra.

Den statlege arbeidsstyrka skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmode om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS