Stilling:

Forskingsteknikar (Institutt for biomedisin)

Søknadsfrist 25. november 2018

Ved Institutt for biomedisin er det ledig ei 100 % fast stilling som forskingsteknikar ved Teknisk Fellesavdeling.

Om instituttet:

Institutt for biomedisin (https://www.uib.no/biomedisin) held til i Bygg for biologiske basalfag (BBB), Jonas Lies vei 91 og høyre til Det medisinske fakultet:

Om avdelinga:

Teknisk Fellesavdeling har i dag 6 tilsette. Forskingsteknikaren rapporterer direkte til avdelingsleiar.

Teknisk fellesavdeling har ansvar for drift og vedlikehald av instituttets tekniske/ vitskaplege utstyrspark. Avdelinga tilbyr lokal IT støtte og skal sjå til at rutinar for persontilgang til instituttet vert fylgt, vidare ligg drift og vedlikehald av instituttets vaskerom til avdelinga. Teknisk Fellesavdeling koordinerer felles kjemikalielager for Det medisinske fakultet. Teknisk Fellesavdeling har eit hovudansvar for HMS arbeidet ved instituttet. Verneleiar og andre ressurspersonar er direkte knytt til avdelinga. I tillegg til oppgåver ved Institutt for biomedisin har avdelinga også serviceavtalar med Klinisk institutt 2, BerGenBio og CCBIO.

Arbeidsoppgåver:

  • Drift og vedlikehald av teknisk vitskapeleg utstyr og instrumentar. Dette kan vere frysarar, sentrifugar, qpcr, autoklavar, hplc, Lafbenker og andre analyseinstrument.
  • Vaskerom teneste, særleg oppfølging av instituttet sine autoklavar.
  • Førebyggjande service av utstyrsparken.
  • Opplæring av brukarar på utstyr som Teknisk Fellesavdeling har ansvar for.
  • Registrering av serviceoppgåver.
  • Generelle drift og vedlikehaldsoppgåver ved instituttet.
  • Tilrettelegging av arbeidsplassar.

Den som vert tilsett må pårekna at innhaldet i stillinga kan verte endra over tid.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Leiar for Teknisk Fellesavdeling Bård Sværi tlf.: 55 58 68 32 eller e-post: [email protected]

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant utdanning frå vidaregåande skule eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Lang og relevant praksis kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • søkjar må ha fagbrev som dataelektronikar
  • søkjar må ha god generell IT kompetanse
  • søkjar må ha god kunnskap i norsk og engelsk munnleg og skriftleg
  • erfaring med tilsvarande arbeid er ein fordel
  • kunnskap om mekanikk og teknikk er ein fordel
  • personlige eigenskapar som er nødvendig for stillinga vil verte vektlagt, vi søkjer ein medarbeidar som:
    • er serviceinnstilt, fleksibel og har evne til å meistre fleire parallelle oppgåver
    • er initiativrik
    • er strukturert og nøyaktig
    • har evne til å løyse oppgåver sjølvstendig
    • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som forskingsteknikar (kode 1512) i lønssteg 35-38 (for tida kr 358 000 - 371 500) For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Generell informasjon:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Søk stillingen