Stilling:

Stipendiat (ph.d.-stilling) i anvendt økologi

Søknadsfrist 30. oktober 2018

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som stipendiat i anvend økologi. Stillinga er knytt til forskingsprosjektet «Frå tradisjonell ressursforvaltning til moderne industriell produksjon: Holistisk forvaltning på Vestlandet» (TradMod), finansiert av Forskingsrådet (MILJØFORSK). Stillinga er og knytt til UNESCO Chairen ved UiB innan «Berekraftig arv og miljøforvaltning – natur og kultur». Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Det sentrale målet for denne ph.d.-kandidaten er å auke forståinga for samanhengen mellom arealbruk, miljøkvalitet, biologisk mangfald og økosystemtenester. Husdyr som landskapsingeniørar vil vere eit sentralt fokus, med sikte på å empirisk analysere verkinga av endra eller tapte beiteregime på biologisk mangfald og viktige økosystemtenester på vestkysten av Noreg.

Menneskeleg arealbruk har ført til ein utbredt førekomst av såkalla "temma økosystem" eller sosialøkologiske system (SES). I antropocenen genererast ikkje økosystemtenester av økosystema aleine, men av desse SES. Natur- og menneskeskapte klimatiske og miljømessige endringar er drivkrafta til endring av arealbruk, som påverkar til dømes landbruk, beiteressursar, skogbruk, urbaniseringsmønster, rekreasjon og turisme. TradMod-prosjektet fokuserer på miljømessige, sosiale, kulturelle og økonomiske effektar av slik endra arealbruk, med sikte på å kartleggje økosystemtenester og dokumentere lokalbefolkninga sin kunnskap og oppfatning av økosystema og økosystemtenester. Kunnskapen som genererast vil vere relatert til skiftande arealbruk og befolkningstrykk i Nordhordland, eit foreslått UNESCO biosfæreområde, som forventast å motta full akkreditering i juni 2019. TradMod-prosjektet vil kombinere innovative tilnærmingar som undersøker og analyserer effektar av menneskeleg ressursbruk, med sentrale spørsmål som; korleis harmonisere berekraftige matsystem med bevaring av biologisk mangfald? Korleis kan Nordhordland sitt økosystem og økosystemtenester forvaltast på berekraftig vis? Kan vi bruke husdyr som landskapsingeniørar til å gjenopplive landbrukssektoren i Nordhordland og sikre økosystem og økosystemtenester? Kandidaten vil samarbeide med eit team av ekspertar innan økologi, geografi, filosofi og samfunnsvitskap. Han/hun vil og arbeide tett med andre UNESCO-partnarar og prosjekt.

Ph.d.-kandidaten må:

  • Initere og vedlikehalde felteksperiment og undersøkingar for å analysere verkinga av ulike beiteregime på biodiversitet og økosystemfunksjonar som pollinering, vannretensjon eller opptak og lagring av karbon. Beiteregime kan omfatte tradisjonelt ekstensivt beite, modernisert intensivt beite, forskjellige husdyrstypar og fjell og låglandssystem. Feltarbeidet vil for det meste bli utført i det føreslåtte UNESCO Nordhordland biosfæreområde.
  • Delta i feltundersøkingar/intervju for å kartleggje og vurdere levering av økosystemtenester, og lokalbefolkninga sine oppfatningar av økosystemtenester og deira forhold til arealbruk og ressursbruk, i samarbeid med andre teammedlem.
  • Delta i feltundersøkingar/intervju for å kartleggje og vurdere levering av økosystemtenester, og lokalbefolkninga sine oppfatningar av økosystemtenester og deira forhold til arealbruk og ressursbruk, i samarbeid med andre teammedlem.
  • Samle data frå verdsnettverket av biosfæreområde for meta-analyse, i nært samarbeid med partnerar frå UNESCOs arbeidsgruppe.
  • Utvikle eigne forskingsspørsmål og hypotesar knytte til beitesystem, husdyrforvaltning, biologisk mangfald, økosystemtenester, sosialøkologiske system og berekraftig utvikling.
  • Analyser data, skrive og publisere forskingsartiklar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande innan økologi, zoologi, botanikk, geografi eller relaterte relevante fag, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute.
  • Erfaring med feltarbeid er ein fordel.
  • Førarkort er ein fordel.
  • Søkjarar må ha ein bakgrunn som gir god forståing for økologi, sosialøkologiske system, naturressursforvaltning og berekraftsagendaen.
  • Søkjarar må ha erfaring i feltstudiar, relevant statistisk erfaring eller opplæring og dessutan kritisk tenking og skriveferdigheiter.
  • Forsking er ein gruppeinnsats, og alle medlemma må vere forberedt på å bidra til felles aspekt av feltarbeid, meta-analysar, analysearbeid, søknadskriving og diskusjonar, og bistå andre med liknande oppgåver i tillegg til å jobbe med eige forskingsprosjekt. Derfor må kandidaten og ha gode kommunikasjonsferdigheiter og like samarbeid som del av eit svært integrert team.
  • Søkjarar må vere sjølvmotivert, med evne til å jobbe sjølvstendig.
  • Søkjarar må vise høgt nivå i både skriftlig og munnleg engelsk. Kunnskap om eit skandinavisk språk er ein fordel.
  • Søkjarar må vise evne og entusiasme for å jobbe i ei interkulturell og tverrfagleg gruppe.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit spennande og profesjonelt utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017/LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr. 449 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskningsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ein forskingsplan (maksimalt 2 sider) som beskriver dine forskingsinteresser knytte til beita system, sosialøkologiske system og byggjer på prinsippa for berekraft
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå mastergåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Inger Elisabeth Måren, Institutt for biovitskap (inger.maaren@uib.no / +47 412 85 126) eller
  • Førsteamanuensis Amy Eycott, Nord Universitet Steinkjer (amy.eycott@nord.no / +47 986 29 414)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS