Stilling:

Stipendiat i fornybar energi

Søknadsfrist 5. august 2018

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i fornybar energi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til forskningsgruppa i fornybar energi og oppbygging av 5-årig siv.ing.-programmet i energi.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Geofysisk institutt har kompetanse på energiressurser frå sol, vind og vatn og har i løpet av dei 10 siste åra bygd opp ei leiande rolle innan havvind med fokus på måling av vindressurser, krefter på vindturbiner og design av vindparker. Stillinga vil bli retta mot geofysiske aspekt ved utbygging og bruk av fornybar energi, særleg havvind. Kunnskap om variabilitet av energiressursane og teknologiske moglegheiter og avgrensingar for integrasjon av sol-, vind- og vannressursar i elektrisitetsforsyninga vil vere relevant. Stipendiaten vil inngå i eit strategisk tverrfaglig samarbeid innan energiomstilling og berekraftige energisystem ved UiB og det er ønskjeleg at stipendiaten deltek i samarbeid med andre disiplinar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i geofysikk (meteorologi eller oseanografi), matematikk, fysikk, informatikk eller tilsvarande, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det et er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå dataanalyse eller numerisk modellering er ynskjeleg.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter kroner 449 400,- brutto per år (kode 1017) etter hovudtariffavtalane i staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Finn Gunnar Nielsen, Geofysisk institutt.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS