Stilling:

Stipendiat (4 år) - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist 22. juli 2018

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) frå snarast eller seinast frå september 2018. Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Stillinga er knytt til prosjektet «Pneumothorax – behandling» delvis finanisert av UiB.

Om instituttet og prosjektet

Klinisk institutt 2 (K2) har som oppgåve å drive medisinsk forsking, rettleiing og undervisning på høgt internasjonalt nivå for å oppnå fakultetet sin visjon «ny kunnskap for betre helse». Instituttet har viktige oppgåver både i legeutdanninga, mastergradutdanning og ph.d.-utdanning innan medisin og farmasi.

Klikk her for meir informasjon.

Hovudformålet med prosjektet er å samanlikne drensbehandling og aspirasjonsbehandling av spontan pneumothorax.

HovudoppgåverStipendiaten vil arbeide med bearbeiding av data og artikkelskriving relatert til prosjektet.

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte Professor Per Bakke, epost: per.bakke@uib.no.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • godkjend cand. med. grad eller annan relevant mastergrad
  • erfaring innafor fagfeltet lungemedisin
  • erfaring frå relevant forskingsprosjekt er ein føremon
  • god skriftleg og munnleg engelsk
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagd; må kunne arbeide sjølvstendig og i team, ansvarsmedvit og motivasjon vil bli vektlagd

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar:

http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet

Forskarutdanning

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Som stipendiat ved Det medisinske fakultet skal du delta i eit godkjent program for ei doktorgrad innanfor den fastlagde tidsramma.

Du må vere teken opp i doktorgradsprogrammet ved fakultetet for å kunne vere stipendiat. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjend av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

Stipendiatstilling

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje

tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi kan tilby:

  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017/lønsramme 20.9) for tida kr. 449 400 ved tilsetjing. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 53. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 58 (kode 1017/lønsramme 20.17). Løn er under justering
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse. Løn er under justering
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslas om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknaden skal innehalde:

Send CV og søknad med vedlegg via lenkje på denne sida samt følgjande:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • attesterte kopiar av vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar (TOEFL, Cambridge eller IELTS)
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sende elektronisk til den sakkunnige nemnda. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS