Stilling:

Stipendiat (3 år) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist 30. september 2018

Ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Det medisinske fakultet, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Arbeidsstad vil vere i Bergen.

Stillinga er finansiert av Noregs forskingsråd, og er knytt til prosjektet «Development of job-exposure-models for risk assessment of benzene exposure»

Prosjekt

Prosjektet skal skaffe ny kunnskap som skal nyttast i risikovurdering ved eksponering for benzen blant arbeidstakarar offshore. Nyare forsking har vist at benzen eksponering kan medføre blodkreft ved lågare konsentrasjonar enn dagens grenseverdi i arbeidsmiljøet. Dagens modellar for slik risikovurdering må difor bli betre. I dette prosjektet vil stipendiaten utvikle modellar som kan identifisere dei viktigaste faktorane som bidreg til benzen-eksponeringa, og kan dermed brukast til å vurdere tiltak for å redusere eksponeringa. Kvaliteten av modellane vil prøvast ut ved å samanlikne resultata med nye eksponeringsmålingar av benzen.

Hovudoppgåver

Stipendiaten skal utføre statistiske analysar på innsamla datamateriale frå oljebransjen, bidra til å samle inn ny informasjon frå bransjen, delta på møte med interne og eksterne samarbeidspartnarar, utvikle eksponeringsmodellar og skrive vitskaplege artiklar. Stipendiaten vil vere medlem av Forskargruppa for arbeids- og miljømedisin ved Universitetet i Bergen som har spesiell kompetanse på eksponeringsstudiar og helseeffektar relatert til olje- og gassindustrien.

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Professor Magne Bråtveit, tlf. 55 58 60 73 / 992 05 955, e-post: magne.bratveit@uib.no

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Søkjar må ha fullført mastergrad fortrinnsvis innan matematikk/statistikk eller kjemometri eller ha anna relevant mastergrad. I tilsetjinga vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar, og på søkjaren sin motivasjon og potensiale for å gjennomføre forskarutdanninga. Det er ønskjeleg at kandidaten har gode samarbeidsevner, men også evne til sjølvstendig arbeid. God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav.Stipendiaten skal i perioden tileigna seg kompetanse innan arbeids- og miljømedisin for å sikre ein best mogleg integrering av metoden i norske bedrifters førebyggjande arbeid. Det er difor ønskjeleg at søkjaren også kan nytta skandinavisk språk både munnleg og skriftleg.

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Sjå krav om engelsk-kunnskapar:

http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet

Forskarutdanning

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på.

3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje

tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Vi kan tilby:

  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1017/lønnsramme 20.9) for tida kr 449 400 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjar med minst eitt års tilsetjng i lege- eller tannlegestilling lønssteg 53, for søkjar med spesialistutdanning lønssteg 58 (kode 107/lønsrame 20.17)
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslas om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • attesterte kopiar av vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar.
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sende elektronisk til den sakkunnige nemnda. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS