Stilling:

Stipendiat (2) i informasjonssteori

Søknadsfrist 15. oktober 2018

Ved Institutt for informatikk er det ledig to stillingar som stipendiat i informasjonsteori. Stillingane er for ein åremålsperiode fire år, der 25% er pliktarbeid (til dømes undervisning). Arbeidsstaden for stillinga er forskingssenteret Simula UiB AS.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Simula UiB er eit forskingssenter eid av Simula Research Laboratory og Universitetet i Bergen. Føremålet til Simula UiB er å auke tryggleiksekspertisen i Noreg gjennom forsking og utdanning. Stillinga er knytt til seksjon for informasjonsteori ved Simula UiB. Kandidatane som blir tilsett vil bruke avanserte informasjonsteoretiske og kodeteoretiske verktøy til å lage nye tryggleiks- og personvernsløysingar og utlede grunnleggande ytelsesgrenser for slike løysingar for bruk i framtidas distribuerte informasjonssystem. Distribuerte informasjonssystem inkluderer, men er ikkje begrensa til, distribuerte lagringssystem og distribuerte berekningssystem.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Du må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i elektroteknikk, informatikk, informasjonsteknologi, matematikk eller liknande/tilsvarande felt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelige mastereksamen før 15.12.2018. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Vi forventar at søkjarar har god matematisk kunnskap i sannsynlighetsteori og lineær algebra.
  • Solid forståing av informasjonsteori og/eller algebraisk kodeteori er ein føresetnad.
  • Erfaring eller forskingsarbeid frå distribuert lagring/distribuert berekning/privat informasjonsinnhenting/''multi-party'' berekning/alder av informasjon/kodebasert kryptografi er ein føremon.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Du må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er arbeid beståande av oppgåver relatert til undervisning. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjonUtfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleder Eirik Rosnes, tlf +47 917 11 252, epost: eirikrosnes@simula.no .

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS