Stilling:

Stipendiat (10 stillingar) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist 23. september 2018

Ved Det medisinske fakultet er det ledig 10 stipendiatstillingar frå 1. februar 2019.

Fem (5) stillingar er opne stipendiatstillingar:

Stillingane er opne for søkjarar med masterutdanning relevant for fakultetets forskingsfelt. Stipendiatar vert tilsett i 100 % stilling for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vera undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Fem (5) stillingar er øyremerkte for kandidatar med bakgrunn frå forskarlina:

Stillingane er kvoterte for søkjarar med bestått cand. med. og master i odontologi. Det er berre dei som har fullført forskarlina under studiet som kan søkje på desse stillingane. Det er eit vilkår at du startar i stipendiatstillinga direkte etter studiet. Dei som vert uteksaminert hausten 2018 startar i stillinga 1. februar 2019. Dei som vert uteksaminert våren 2019 startar i stillinga 1. september 2019.

Dei som får stillingane vert tilsette i 100 % stilling i ein periode på tre (3) år, med fråtrekk av tid for gjennomført opplæringsdel i ph.d.-programmet, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før tre år. Desse stipendiatstillingane medfører ikkje arbeidsplikt ved instituttet, men dei som får stillingane pliktar å arbeide i inntil 20 timar årleg ved forskarlina. Dette arbeidet er knytt til rekruttering, informasjonsarbeid og liknande, etter avtale med leiinga ved forskarlina.

For stillingane ovanfor gjeld:

Stillingane vil verte knytte opp mot det instituttet som det er naturleg at prosjekta høyrer inn under.

Høve til 50 % stilling:

Det er mogleg å kombinere 50 % stipendiatstilling med anna 50 % stilling. Samla tilsetjingsperiode for kombinert stilling er 6 år. Det må opplysast at ein ønskjer 50/50 stilling i søknaden, og dette må vere klarert skriftleg med begge arbeidsgjevarar før tilsetjing.

Vurdering av søkjaren:

Søknadene vert vurderte ut frå følgjande kriterier:

  • Kandidat: Søkjarens kompetanse, karaktergrunnlag og relevant fagleg aktivitet.
  • Prosjekt: Den vitskaplege verdien til prosjektet, samt om det er mogleg å gjennomføre det innanfor rammene til ph.d.-programmet og stipendiatstillinga.
  • Forskingsmiljø: Miljøet si evne til å utvikle kandidaten, nasjonale og internasjonale faglege nettverk, relevant publikasjonsaktivitet og rettleiarerfaring. Tverrfaglege prosjekt mot sterke forskingsmiljø vert tillagt særleg stor vekt.
  • Opphald ved utanlandske institusjonar frå 6-12 månader vert tillagt stor vekt.
  • Meir informasjon finn du på http://www.uib.no/mofa/65433/ledige-stillinger

Forskarutdanning:

Som stipendiat ved Det medisinske fakultet skal du delta i eit godkjent program for ei doktorgrad innanfor den fastlagde tidsramma.

Du må vere teken opp i doktorgradsprogrammet ved fakultetet for å kunne vere stipendiat. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere sendt til fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

Vi kan tilby:

  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017/lønsramme 20.9) for tida kr. 449 400 ved tilsetjing. For søkjar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 53. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjar med spesialistutdanning lønssteg 58 (kode 1017/lønsramme 20.17)
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Andre opplysningar:

Merk: rettleiarar tilsette ved Det medisinske fakultet, må ha gjennomført fakultetet sitt nettbaserte rettleiarkurs ved søknadsfristen for at søknaden skal bli handsama. For deltaking på kurset, ta kontakt med ditt institutt.

Hovudrettleiar bør vere tilsett ved Det medisinske fakultet og minst ein av rettleiarane må vere tilsett ved fakultetet. Rettleiarar må vere ved fakultetet i heile stipendperioden.

Berre ein søknad vil bli evaluert frå kvar hovudrettleiar innan kvar søknadskategori.

Stipendiatstillingar er åremålsstillingar. Du kan ikkje tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som stipendiat ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Du kan søkje stipendiatstilling før masterutdanninga er fullført, men det er då eit krav om at mastergraden må vere godkjent ved tilsetjingstidspunktet i stillinga. Søkjarar med utanlandsk utdanning må og ha godkjenning av høgare utdanning frå NOKUT.

Undervisningsspråket på grunnutdanningane er til vanleg norsk. På ph.d.-utdanninga er undervisningsspråket engelsk. God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav.

Utfyllande opplysningar om søknadstekniske forhold kan du få ved å vende deg til rådgjevar ved Seksjon for rekruttering Eldbjørg Sanden Søvik (e-post: eldbjorg.sovik@uib.no , telefon: 55 58 61 42).

Har du faglege spørsmål knytt til stillinga kan du vende deg til prodekan for forskarutdanning Roland Jonsson (e-post: roland.jonsson@uib.no , telefon: 55 97 46 49).

Rekruttering i statlege stillingar:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, samt å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Slik søkjer du stillinga:

Send søknad og CV (maks 4 sider) etter mal som inneheld fullstendig oversikt over tidligare utdanning, relevant erfaring og vedlegg elektronisk til Universitetet i Bergen via lenkje på denne sida («Søk stillinga»). Malen finn du på

http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger

I søknadsbrevet må du skrive tittel på prosjektet ditt. Her skal det òg komme fram kven som er hovudrettleiar og eventuell(e) medrettleiar(ar). Du kan søkje både open og øyremerkt stilling. Dette må komme fram i søknadsbrevet. Her må du skrive kva stillingar du søkjer og om du søkjer øyremerkt og/eller open stilling.

Du kan ha inntil åtte vedlegg som skal ha namn som samsvarar med innhald og som må nummererast frå 1-8 som følgjer:

  1. Prosjektskisse på maksimalt seks sider, inkludert samandrag og referansar. Prosjektskissa skal innehalde tema, problemstillingar og val av teori og metode. http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger
  2. Stadfesta kopi av vitnemål og karakterutskrifter av all høgare utdaning på originalspråket. Søkarar med utanlandsk utdanning må i tillegg legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknad bør sendast så snart som mogleg når du veit du vil søkje på stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar: http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programme
  3. Eventuelle vitskaplege arbeid (pdf) og liste over publikasjonar.
  4. Rettleiarerklæring (maksimalt 1 side)
  5. Hovudrettleiar sin CV (maksimalt 4 sider) etter mal og kandidatproduksjon, hovudrettleiar sine publikasjonar dei siste 5 år, tall for hovudrettleiar sine PubMed artiklar totalt, og som første, andre og sisteforfattar, og hovudrettleiar sin H-indeks rekna etter Web of Science. Mal finn du på http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger. Dato for gjennomført fakultetet sitt kurs for rettleiarar.
  6. Omtale av forskingsgruppa (maksimalt 1 side).
  7. Invitasjon frå utanlandsk institusjon (når eit utanlandsopphald er del av prosjektet).
  8. Eventuelle andre vedlegg.

Vi gjer merksam på at vi ikkje vil kunne vurdere søknaden dersom etterspurte vedlegg manglar.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS