Stilling:

Førsteamanuensis i japansk språk

Søknadsfrist 30. november 2018

Ved Institutt for framandspråk er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i japansk språk, med atterhald om finansiering. Stillinga er finansiert av The Nippon Foundation, og må godkjennast av The Nippon Foundation og the Japanese Ministry of Land, Infrastructure, Transport and Tourism. Tilsetjing frå 1. august 2019.

Institutt for framandspråk har ni ulike fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium og tysk. Dei tilsette ved instituttet er knytte til desse faga og forskar og underviser i språk/lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap/historie og fagdidaktikk. Instituttet har i overkant av femti fast vitskapleg tilsette, elleve administrativt tilsette, fire postdoktorar, kring tjue stipendiatar og nokre mellombels tilsette i kortvarige engasjement.

Japanskfaget har, i tillegg til den utlyste stillinga, ein professor og ein førstelektor i faste stillingar. Faget har for tida òg ein stipendiat. Alle dei tilsette er knytte til disiplinen japansk språk. Faget tilbyd bachelorgrad, men det er ønske om å utvide tilbodet til å inkludere masterstudium.

Instituttet og fakultetet har ei rekkje forskargrupper (forskargrupper) og avtalar om utveksling og samarbeid med land i Europa, Afrika, Asia, Nord- og Latinamerika, i tillegg til samarbeid med andre norske universitet og høgskular.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Stillinga er knytt til japansk språk/lingvistikk og har forskings- og undervisningsplikt innanfor dette feltet. Til stillinga ligg det forsking, rettleiing, undervisning, utvikling av kurs og studentevalueringar, i tillegg til administrative plikter innanfor faget og instituttet.

Den som blir tilsett, må kunne undervise på eit breitt spekter av emne i japansk språk/lingvistikk på alle nivå frå nybyrjarnivå til master.

Instituttet forventar at den som vert tilsett, tek del i den kontinuerlege utviklinga av forskingsmiljøet. Det er ein føremon med kompetanse innan prosjektleiing, koordinering av forskingsaktivitet og strategisk forskingsplanlegging. Det blir forventa at den som får stillinga, tek del i og utviklar forskings- og undervisningssamarbeid mellom japanskfaget ved UiB og andre miljø og institusjonar nasjonalt og internasjonalt.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i drifta av instituttet. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Den som blir tilsett, kan søkje om opprykk til professor etter ei akademisk kompetansevurdering basert på retningslinene frå Universitets- og høgskulerådet.

Kvalifikasjonskrav

  • Søkjarar må ha norsk doktorgrad innan eit relevant fagfelt eller tilsvarande kompetanse.
  • Erfaring frå undervisning på universitetsnivå er ein føresetnad, og undervisning av studentar som ikkje har japansk som morsmål, er ein føremon.
  • Den som blir tilsett, må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett, vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • Særs god meistring av munnleg og skriftleg japansk er eit krav

Søkjarar må ha publisert forskingsresultat på eit høgt internasjonalt nivå innan faget. I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt. Søkjarar må ha klare forskingsplanar, og søknaden bør innehalde ei kortfatta skisse over eigne forskingsinteresser.

Undervisningsspråka er norsk og japansk. Administrasjonsspråk ved instituttet er norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Universitetet tilbyd norskkurs for utanlandske tilsette.

Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn tilsvarande lønssteg 64 (kode 1011/lønsramme 24) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 565.100 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet og høgskular
  • Informasjon om og dokumentasjon av pedagogisk innsats og kvalifikasjonar
  • Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd som er relevant
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Inntil fem vitskaplege arbeid
  • Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Den sakkunnige komiteen kan be om supplerande dokumentasjon.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

For meir informasjon om søknadsprosessen klikk her.

Spørsmål til den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Søknadsfrist: 30. november 2018

Merk søknaden: 18/11822

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS