Stilling:

Professor II / Førsteamanuensis II innanfor fagområdet musikkterapi - to bistillingar

Søknadsfrist 5. august 2018

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk, er det ledig to bistillingar (á 20 %) for fire år som professor eller førsteamanuensis i fagområdet musikkterapi. Tilsetjing er ønskt frå 01.08.2018 eller så snart som råd etter dette.

Griegakademiet – Institutt for musikk, er ein del av Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen. KMD er eit kraftsenter for kunstnarleg utviklingsarbeid, vitskapleg forsking og utdanning, fundert på lange tradisjonar for kunst-, musikk -og designutdanning i Bergen.

Fakultetet har om lag 600 studentar og 180 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i tre institutt (kunst, musikk og design) med ein felles administrasjon.

Institutta har stipendiatar som er knytte til Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) og ph.d.-programmet til UiB. UiB arbeider også med å få på plass eit kunstnarleg ph.d.-program, som vil innebere ei ytterlegare styrking av forskingsmiljøet ved fakultetet.

Fagmiljøa innan kunst og design er samlokaliserte i eit nytt bygg, spesialteikna for verksemda av Snøhetta. UiB arbeider for å etablere eit eige bygg for Griegakademiet - Institutt for musikk på nabotomta i Møllendal.

KMD samarbeider med leiande institusjonar, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer fagpersonar som kan undervise i flest mogeleg av følgjande delområde av fagområdet musikkterapi:

  • Kvalitativ forskingsmetode og grunnleggjande vitskapsteori
  • Musikkterapiteori, inklusivt humanistiske, ressursorienterte og kultursentrerte/bioøkologiske teoriperspektiv av relevans i norsk kontekst
  • Kritisk teori, inklusivt feministiske perspektiv på musikkterapi
  • Musikkterapi i born og unges oppvekst, inklusivt grunnleggjande utviklingspsykologi
  • Musikkterapi i eldreomsorg, psykisk helse-feltet og rusarbeid
  • Musikkterapiimprovisasjon.

Kvalifiserte søkjarar bør også kunne rettleiie masteroppgåver og andre oppgåver på masternivå. Samarbeid om ph.d.-rettleiing kan verte aktuelt.

Griegakademiet – Institutt for musikk

Griegakademiet – Institutt for musikk samlar sterke og internasjonalt akta fagmiljø. Vi vektlegg møtepunkt mellom kunstnarlege disiplinar, musikkvitskap, musikkterapi, musikkpedagogikk og andre universitetsfag. Våre fagmiljø har utstrekt samarbeid med lokale og regionale kunst- og kulturinstitusjonar. Fagmiljøet i musikkterapi samarbeider i tillegg med fag- og forskingsmiljø knytte til helse, omsorg og oppvekst.

Forskingsverksemda vår er kjenneteikna av samspel mellom ulike kunnskapsformer og -tradisjonar. Kunstnarleg utviklingsarbeid er etablert som kunnskaps- og arbeidsform på line med anna forsking ved UiB. Fagmiljøa våre trekker til seg internasjonale studentar og forskarar, og vi legg vekt på at studentane kan gjere individuelle val i studieløpa sine.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Ph.d. i musikkterapi eller i anna fagområde av klar relevans for musikkterapifaget
  • Dokumentert kompetanse som professor eller førsteamanuensis i musikkterapi eller anna fagområde av klar relevans for musikkterapifaget
  • Forskar- og formidlingskompetanse på høgt nivå, både nasjonalt og internasjonalt
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av søkjarens utdanning og undervisings-/rettleiingsrøynsle.

Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også måtte halde prøveundervisning for stab og studentar ved instituttet.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Evne og vilje til å bidra til vidareutvikling av forskingsbasert og tverrfagleg musikkterapiutdanning
  • Organisatoriske evner og erfaring
  • Gode samarbeidsevner.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men kan òg vere engelsk.

Vi kan tilby

  • Stilling som professor (kode 1013) med løn kr. 650.200 – 704.800 (lønssteg 72 – 76), eller stilling som førsteamanuensis (kode 1011) med løn kr. 517.700 – 590.000 (lønssteg 60 – 67, lønsramme 24). Løn er under justering. For særlig kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Fordeling av arbeidstida går fram av den årlege individuelle arbeidsplanen som blir utarbeidd i dialog med den enkelte tilsette og instituttleiar. Instituttleiar har ansvar for å koordinere det totale studietilbodet ved instituttet.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål
  • Attestar
  • Materiale som dokumenterer kompetanse som professor eller førsteamanuensis

Søkjaren må gjere greie for kvalifikasjonane sine knytt til dei omenta som det er lagt vekt på i utlysinga, mellom anna ei utgreiing av intensjonar og mål for åremålsperioden. Det er viktig at søkjaren gjer tydeleg greie for sitt syn på fagfeltet sin posisjon og mogelegheiter.

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenkje på denne sida «SØK STILLINGEN». Last opp alle vedlegga som separate filer. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før du lastar dei opp.

Andre opplysingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskapelige stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Fakultetet kan tilby ein interessant og krevjande stilling i eit miljø med høgt aktivitetsnivå, faglege utfordringar og gode samarbeidsforhold.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Randi Rolvsjord på tlf. + 47 - 55 58 69 79.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS