Stilling:

Postdoktorstilling ved Det juridiske fakultet

Søknadsfrist 22. november 2018

Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei stilling som postdoktor i finansmarknadsrett knytt til forskingsprosjektet «EØS-finanstilsyn – en rettsvitenskapelig analyse om Norges tilknytning til EUs tilsynssystem for finansmarkedet».

Stillinga er for ein periode på 2,5 år. Eit halvt år av denne tida skal brukast til undervisning (integrert i heile perioden). Tiltreding medio februar eller etter avtale.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Den som blir tilsett i postdoktorstillinga vil få ei heilt sentral rolle i forskingsprosjektet. Prosjektet har som mål å kartleggje og vurdere styrkar og veikskapar ved Noregs rettslege tilknyting til EU sitt finanstilsyn frå ulike perspektiv – statsrettsleg, forvaltningsrettsleg, prosessrettsleg, EØS-rettsleg og EU-rettsleg. Postdoktoren skal identifisere og deretter undersøkje dei for Noreg viktigaste problemstillingane knytt til den komande revisjonen av EU sitt finanstilsyn.
  • Forskingsarbeidet til postdoktoren skal leie til minst tre vitskaplege publikasjonar.
  • Det blir forventa at postdoktoren bidrar til å formidle forskingsresultata, og om den særnorske tilknytinga til EU sitt finanstilsyn meir generelt.
  • Saman med prosjektleiar, professor Halvard Haukeland Fredriksen, vil postdoktoren òg få ansvar for å identifisere underproblemstillingar som er eigna for eittårige masteroppgåver.
  • Postdoktoren må òg pårekne å bruke noko tid på administrasjon knytt til drifta av prosjektet, blant anna i samband med workshops og eksterne bidragsytarar til prosjektet, utan at dette blir rekna som ein del av undervisningsplikta knytt til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd norsk ph.d.-grad i rettsvitskap eller ha tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha levert ph.d.-avhandlinga di til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er godkjend/oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Du må ha gode samarbeidseigenskapar og kunne bidra til å byggje opp eit godt fagmiljø.
  • Den primære forskingskompetansen din må vere knytt til EU/EØS-rettslege føringar for nasjonale tilsynsmyndigheiter, fortrinnsvis på konkurranse- og marknadsrettens område.
  • Du må kunne undervise på JUS 121 Norske og internasjonale rettslege institusjonarog på spesialemnet JUS287-2-A EU and EEA Commercial Law, som er ein del av femte studieår på masterprogrammet i rettsvitskap, og ut over dette kunne fylle undervisningsplikta gjennom undervisning, rettleiing og sensur knytt til EU/EØS-relaterte emne på studieprogrammet.
  • Du må ha gode kunnskapar i både norsk og engelsk, så vel munnleg som skriftleg.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 2,5 år, og eit halvt år av denne tida skal brukast til undervisning. Undervisninga vil skje fortløpande gjennom heile perioden.

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Du må levere ein prosjektomtale saman med søknaden innan søknadsfristen. Prosjektomtalen skal inngå som del av (vedlegg til) arbeidskontrakt for åremålstilsetjinga. Du skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekt, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 72 (kode 1352/lønsramme 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 658 300 brutto. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Prosjektomtale

Søkjarar med utanlandsk utdanning må òg leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla, karakterutskriftene og tilleggsdokumentasjonen ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarer med norsk ph.d.-grad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillingen».

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prodekan Anne Marie Frøseth, tlf. 55 58 95 49, e-post: Anne.Froseth@uib.no eller
  • Førstekonsulent Lise Engelbreth, tlf. 55 58 96 78, e-post: Lise.Engelbreth@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Det kan bli aktuelt å gjennomføre intervju ved tilsetjing i stillinga.

Du finn meir informasjon om tilsetjingsprosessen her.

Søknadsfrist: 22. november 2018

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS