Stilling:

Postdoktorstilling ved Det juridiske fakultet

Søknadsfrist 31. oktober 2018

Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen, lyser ut ei 50 % stilling som postdoktor. Stillinga er for ein periode på 4 år. Den som vert tilsett vil samstundes verte tilsett 50 % som forskar ved Helse Bergen for ein periode på 4 år. Den som vert tilsett vil ha 25 % undervisningsplikt over ein periode på 4 år ved Det juridiske fakultet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett skal gjennomføre eit rettsvitskapleg prosjekt som skal utvikle forsking av høg kvalitet på tema i grenseflaten mellom strafferettspleie, barnevern og psykisk helsevern. Prosjektet skal sjå på strafferettslege reaksjonar opp mot tiltak innan barnevern og psykiatrisk helsevern. Prosjektet skal ha ei innretning som legg til rette for forskingsaktivitet i tverrfagleg samarbeid og som særleg nyttar kunnskap frå psykiatrien og dei institusjonane som kjem i kontakt med utfordringane på feltet.

Den som vert tilsett skal både ha Det juridiske fakultet og Helse Bergen som arbeidsstad.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd norsk ph.d.-grad i rettsvitskap eller ha tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha levert ph.d.-avhandlinga di til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er godkjend/oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Du må ha doktorgradskompetanse på ein eller fleire av dei fagområda som omfattas av postdoktorprosjektet.
  • Du må ha gode samarbeidseigenskapar og evne til å bidra til oppbygging av eit godt fagmiljø.
  • Du må kunne undervise på emne som er del av dei obligatoriske faga på masterprogrammet i rettsvitskap.
  • Du må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.
  • Du må ha gode norskkunnskapar.

Om postdoktorstillinga:

Du må levere ein prosjektomtale saman med søknaden innan søknadsfristen. Prosjektomtalen skal inngå som del av (vedlegg til) arbeidskontrakt for åremålstilsetjinga. Du skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 72 (kode 1352/lønsramme 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 658 300.- brutto. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Prosjektomtale

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge via lenke på denne sida merka «Søk stillingen».

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Det kan bli aktuelt å gjennomføre intervju ved tilsetjing i stillinga.

Du finn meir informasjon om tilsetjingsprosessen her.

Søknadsfrist: 31. oktober 2018

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS