Stilling:

Postdoktorstilling i vitskapsteori ved Senter for vitskapsteori

Søknadsfrist 3. september 2018

Ved Senter for vitskapsteori er det ledig ei stilling som postdoktor i vitskapsteori.

Stillinga er for ein periode på fire år.

Senter for vitskapsteori (SVT) er eit tverrfagleg interfakultært senter ved Universitetet i Bergen. Senteret har ansvar for forsking på, utdanning i og formidling i vitskapsteori. Vidare har senteret ansvar for opplæring i vitskapsteori og etikk i forskarutdanninga ved fleire fakultet ved Universitetet i Bergen. Senteret har og ansvar for Dannelsesemna "Sentrale spørsmål i forsking og samfunn" som er valfrie studieemne med eit tverrfagleg fokus. Senteret arbeider for tida også med å utvikle eit tverrfagleg studietilbod i vitskap, teknologi og styring på masternivå. Senteret legg vekt på vitskapsteoretiske og etiske tema som har relevans for dei respektive fagområda.

Forskingsfellesskapet ved SVT er tverrfagleg, og med ei brei forståing av vitskapsteori der både indre og ytre perspektiv inngår, og som inkluderer vitskapsfilosofi, -historie, -sosiologi, -etikk og andre disiplinar som forskar på vitskap, men òg forsking på grunnlagsspørsmål innan dei ulike vitskapane,

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Stillinga blir lyst ut innan eitt av dei følgjande forskingsfelta: tilhøvet mellom vitskap, verdiar og etikk; grensesnittet mellom vitskap og samfunn; samfunnsvitskapenes og humanioras vitskapsteori; sosial/politisk teori. Alle desse områda er godt representert ved senteret. Ein forventar at søkjarane vel eit område som kan bli rettleia av ein av dei fast tilsette ved senteret.
  • Ein forventar at den som vert tilsett er innstilt på å arbeide i eit interdisiplinært forskingsmiljø. Søkjarar frå samfunnsvitskapane, humaniora, filosofi, jus, vitskapsteori/-filosofi, etikk samfunnsvitskapeleg/historiske studium av samfunn og vitskap og teknologivurdering er velkomne til å søke. Vidare vert søkjarar med prosjekt som involverer detaljerte «case studium» oppmoda om å søkje.
  • Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor eit relevant fagfelt (nemnd ovanfor), eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Undervisningserfaring vil vere ei føremon
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg (om stillinga krev det)

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er fire år der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til forsking, undervisning og formidling. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 514 800 brutto.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN». Søkjarane skal nytte det elektroniske CV-skjemaet som ein finn der. I tillegg må dette følgje søknaden

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Prosjektskisse (max 3000 ord) med framdriftsplan og publiseringsplan
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Vedlegga kan vere i word- eller pdf-format.

Attestar og vitnemål (ev. vitskapelege arbeid) må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Professor Matthias Kaiser, senterleiar, SVT, + 47 55 58 24 86/ + 47 917 33 928, matthias.kaiser@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju før innstilling om tilsetjing blir gjort. Det kan også bli aktuelt med ei prøveførelesning.

Spørsmål om den elektroniske søkeprosedyren kan sendast til Det humanistiske fakultet på

e-post: fakadm@hf.uib.no.

Søknadsfrist: 03.09.2018

Søknaden skal merkast: 18/6753

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS