Stilling:

Postdoktor i sedimentær provenans

Søknadsfrist 8. desember 2018

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor i sedimentær provenans. Stillinga er for ein åremålsperiode på inntil tre år (der dei siste tre månadene avheng av kandidatens kvalifikasjonar og behov), og er knytt til det NFR-finansierte ISBAR-prosjektet (Internal and external forcing factors on the Source-to-Sink infill dynamics of the Lower Mesozoic Greater Barents Sea Basin).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Prosjekttittel: Provenans for trias i Barentshavet

Vi søkjer ein entusiastisk og motivert sedimentær petrolog/geokronolog med særskild interesse for sedimentologi, eventuelt ein sedimentolog med stor interesse for provenansmetodar, som skal vere med å arbeide i ISBAR-prosjektet. Prosjektet tar sikte på å forstå utviklinga av «det utvida Barentshavet» (Svalbard, det norske og russiske Barentshavet, Timan-Pechora-bassenget, Karahavet og Nord-Grønland) og dei kringliggande områda (Grønland, Fennoskandia, Ural, Taimyr og sibirsk Traps) gjennom trias.

Denne stillinga er ein unik moglegheit for ein forskar som er tidleg i karrieren til å etablere ei profilert forskingsportefølje og bidra til eit tverrfagleg prosjekt der målet er å forstå samanhengane mellom sedimentære transportsystem og sedimentbudsjett for store vulkanprovinsar, fjellkjededanning og skorpeheving. Kandidaten som blir valt skal utvikle og gjennomføre petrologiske, geokjemiske og/eller termokronologiske undersøkingar, noko som vil muliggjere ei meir robust forståing av sedimentkjelder, tektonisme i sedimentkjeldene og magmatisme i det utvida Barentshavet. Kandidaten vil kunne utføre feltarbeid, vil ha tilgang til seismiske data og vil kunne ta prøvar frå kjernedata. Kandidaten har også tilgang til å bruke Bergen Geoanalytical Facility og har midlar til å gjennomføre analysar andre stadar. Det er forventa at kandidaten skal delta i rettleiing av studentar på master- og ph.d.-nivå.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.-grad eller tilsvarande i sedimentær petrologi, provenans, sedimentologi, geokronologi eller termokronologi, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha dokumentert evne til å produsere innverknadsrike artiklar.
  • Demonstrerbar forståing av provenansmetodar er eit krav.
  • Kjennskap til regional sedimentær provenans er ein sterk føremon.
  • Erfaring med geologisk feltarbeid er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden frå to år og ni månader til inntil tre år. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks. fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 515 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing som klart viser søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga, kandidaten sine forskingsinteresser, og korleis forskingsinteresser og bakkgrunn passar inn i ISBAR-prosjektet og kvalifikasjonskriteria gitt ovanfor.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Christian Haug Eide, Institutt for geovitenskap, (Christian.Eide@uib.no eller +47 55 58 33 93)
  • Professor Rolf Birger Pedersen, Institutt for geovitenskap, (Rolf.Pedersen@uib.no eller +47 55 58 35 17)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS