Stilling:

Postdoktor (epidemiologi)

Søknadsfrist 30. august 2018

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på 32 månadar. Stillinga er knytt til prosjektet ” Novel aspects of an old problem”, finansiert av Norges forskningsråd (FRIMEDBIO) til Folkehelseinstituttet.

Om prosjektet

Prosjektet er ein del av Norske epidemiologiske osteoporosestudiar (NOREPOS), som er eit samarbeidsnettverk av forskarar frå Folkehelseinstituttet og dei fire medisinske fakulteta i Noreg. Prosjektet har som mål å produsere ny kunnskap som er relevant for framtidig førebygging av brot. NOREPOS sin nasjonale hoftebrotsdatabase vil nyttas i kombinasjon med data frå helseundersøkingar og registre som dekkjer heile befolkninga i Noreg. Postdoktoren skal i samarbeid med forskarar i NOREPOS og ved University of Liverpool utarbeide ein modell for å kvantifisera i kva grad endringar i risikofaktorar og behandling av osteoporose har medverka til nedgangen i insidensar av hoftebrot i Noreg i dei siste tiåra. Arbeidet vil bidra til å identifisera faktorane med størst potensial for vidare førebygging. Dette vil ein gjere ved å applisere IMPACT modellen, som tidlegere er brukt for å estimere tilsvarande for hjarte- og karsjukdomar, på hoftebrot.

Stillinga er knytt til Forskingsgruppe for livsstilsepidemiologi ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

Arbeidsoppgåver

  • identifisere og kvantifisere bidrag til endringar i hoftebrot på populasjonsnivå ved å innhente informasjon frå ulike kjelder til informasjon om endringar i risikofaktorar og behandling i befolkninga
  • prosjektet er eit samarbeid med University of Liverpool og stillinga krev eit utanlandsopphald i Liverpool på 6 til 12 månadar for å lære metodane som ligg bak IMPACT modellen, og etablere og vidareutvikle samarbeidet med forskarar i Liverpool
  • tilrettelegge, kvalitetssikre og analysere forskingsdata
  • utarbeide og publisere vitskaplege artiklar
  • formidle forskingsresultat ved faglege møter og konferansar
  • samarbeide med forskarar ved instituttet og andre miljø i Noreg og utlandet
  • vere ein aktiv deltakar i forskargruppa og bidra til å utvikle feltet. Det er og aktuelt å bidra i andre relevante faglege aktivitetar som til dømes skriving av nye søknadar om forskingsmidlar

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Grethe Seppola Tell, grethe.tell@uib.no, tlf.: +47 55 58 85 22.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • søkjar må ha oppnådd norsk doktorgrad innan epidemiologi, medisin eller anna relevant fagområde eller ha tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha fått godkjent doktoravhandlinga innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at disputas er gjennomført og godkjent før tilsetjing
  • erfaring i bruk av kvantitativ forskingsmetodikk, analyse av komplekse datasett og bruk av statistikkprogramvare vil tilleggas stor vekt
  • erfaring frå deltaking i større forskingssamarbeid er ein føremon
  • klinisk erfaring som kan bidra til kritisk vurdering av helsedata er ein føremon
  • søkjar må kunne nytte munnleg og skriftleg engelsk på høgt nivå samt ha grunnleggjande norskkunnskapar
  • det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar slik som sjølvstendig arbeid, kunne samarbeide, vere motivert og ansvarsmedviten, og i tillegg ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking

Vi kan tilby

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan epidemiologi
  • mogelegheit for forlenga postdoktorperiode tilsvarande lengda på utanlandsopphaldet i Liverpool
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24) for tida kr 497 000, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 59 for tida 515 200, med spesialistutdanning lønssteg 61 for tida 534 100, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn verte vurdert. Løn er under justering
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Om postdoktor stillingarFøremålet med stillingane er vitskapleg kompetansebygging gjennom ei vidareføring av forskingsarbeid til eit høgare nivå enn det som er mogleg innafor eit ordinært doktorgradsprogram. Stillingane har som hovudmål å kvalifisere dei som vert tilsette for arbeid i faglege toppstillingar.

Det er eit mål at tilsetjingsperioden skal gjennomførast som eit samanhengande forskingsprogram. Det vert vanlegvis ikkje gjeve permisjon for andre føremål enn det som er fastlagt ved lov.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget utarbeidas i samarbeid med prosjektleiar/leiar og skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Postdoktorstillingar er åremålsstillingar.

Du kan ikkje tilsetjast i meir enn ein periode som postdoktor ved UiB. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Vi gjer deg difor merksam på at opplysningar om deg som søkjar kan gjerast offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert du varsla om dette.

Slik søkjer du stillinga

Send CV og søknad som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du skriv noko om din motivasjon for stillinga og kvifor du søkjer
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda som skal vurdere dei. Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Web: www.uib.no

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS