Stilling:

Postdoktor (2 stillingar) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist 23. september 2018

Ved Det medisinske fakultet er det ledig 2 opne stillingar som postdoktor i tre (3) år frå 1. februar 2019.

Stillingane vil bli knytt opp mot det instituttet det er naturleg at prosjektet til søkjaren høyrer til. Tilsetjinga gjeld for ein periode på tre (3) år i 100 % stilling. Postdoktoren kan verte pålagt opp til 25 % pliktarbeid ved instituttet. Pliktarbeidet kan til dømes vera undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing alt etter behovet ved instituttet, pliktarbeid kan vere knytt til fakultetet si Forskarline eller ved grunnkurset MEDMET for ph.d.-kandidatar. Undervisingsspråket på grunnutdanningane er til vanleg norsk, men på ph.d. utdanninga er det engelsk.

Vurdering av søknad:

Søknadane blir vurderte ut frå følgjande kriterier:

Kandidat: Søkjaren sin kompetanse, karaktergrunnlag og relevant fagleg aktivitet inkludert avtalt/planlagt utanlandsopphald

Prosjekt: Den vitskaplege verdien til prosjektet, samt om det kan gjennomførast innafor rammene for ei postdoktorstilling.

Forskingsmiljø: Miljøet si evne til å utvikle kandidaten, nasjonale og internasjonale faglege nettverk, relevant publikasjonsaktivitet. Tverrfaglege prosjekt mot sterke forskingsmiljø vert tillagt særleg stor vekt.

Meir informasjon finn du på:

http://www.uib.no/mofa/65433/ledige-stillinger

Krav til søkjar:

Du må ha oppnådd norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha fått godkjent doktoravhandlinga innan søknadsfristen er ute. Disputas må vere gjennomført og godkjent ved tilsetjingstidspunktet i stillinga. God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav.

Vi kan tilby:

  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 515 200, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 515 200, med spesialistutdanning lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 534 100, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn verte vurdert
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

50 % stilling:

Det er mogleg å kombinere 50 % postdoktorstilling med anna 50 % stilling. Samla tilsetjingsperiode for kombinert stilling er 6 (seks) år. Det må opplysast at ein ønskjer 50/50 stilling i søknaden, og dette må vere klarert skriftleg med begge arbeidsgjevarar før tilsetjing.

Andre opplysingar:

Utfyllande opplysningar om søknadstekniske forhold kan du få ved å vende deg til:

  • Rådgjevar ved Seksjon for rekruttering Eldbjørg Sanden Søvik, (e-post: eldbjorg.sovik@uib.no, telefon 55 58 61 42)

Har du faglege spørsmål knytt til stillinga kan du vende deg til prodekan for forskarutdanning Roland Jonsson (e-post: roland.jonsson@uib.no, telefon: 55 97 46 49).

Om postdoktorstillinga:

Føremålet med stillinga er vitskapleg kompetansebygging gjennom ei vidareføring av forskingsarbeid til eit høgare nivå enn det som er mogleg innanfor eit ordinært doktorgradsprogram. Stillinga har som hovudmål å kvalifisere den som vert tilsett for arbeid i faglege toppstillingar.

Det er eit mål at tilsetjingsperioden skal gjennomførast som eit samanhengande forskingsprogram. Det vert difor vanlegvis ikkje gjeve permisjon for andre føremål enn det som er fastlagt ved lov.

Søkjar skal kome med framlegg til prosjekt for kvalifiseringsarbeidet.

Prosjektskissa skal innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Prosjektomtale og framdriftsplan skal inngå som del av (vedlegg til) arbeidskontrakten, og skal innehalde namn på den som har plikt til å vere mentor (fagleg rådgjevar) for den tilsette. Mentor må vere tilsett ved UiB. Det vil berre bli vurdert ein søknad for kvar mentor m.o.t. postdoktorstipend.

Postdoktorstillingar er åremålsstillingar. Du kan ikkje tilsetjast i meir enn ein periode som postdoktor ved UiB. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt dette tilsettingsforholdet ved ein annan institusjon i regionen.

Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil fire år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden.

Om rekruttering i statlege stillingar:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, samt å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevene. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Slik søkjer du på stillinga:

Send søknad og CV (maksimalt 3 sider) etter mal http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger som inneheld fullstendig oversikt over tidlegare utdanning, tidlegare verksemd og relevant erfaring, samt kontaktinformasjon for minst to referansepersonar, elektronisk til Universitetet i Bergen via lenkje på denne sida («Søk stillinga»).

I søknadsbrevet må du skrive tittel på prosjektet ditt. Her skal det òg komme fram kven som er mentor (fagleg rådgjevar) og eventuelle medmentorar.

Du kan ha inntil åtte vedlegg som skal ha namn som samsvarar med innhald og som må nummererast frå 1-8 som følgjer:

  1. Attesterte vitnemål og attestar (pdf)
  2. Prosjektskisse på maksimalt seks sider, inkludert samandrag og referansar. Mal: http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger
  3. Publikasjonar og vitskaplege arbeid (pdf) som du ønskjer at det skal verte teke omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse.
  4. Mentorerklæring (maks 1 side).
  5. Mentor sin CV (maks 3 sider) etter mal http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger og kandidatproduksjon, mentor sine publikasjonar dei siste 5 år, tall for mentor sine PubMed artiklar totalt, og som første, andre og sisteforfattar, og mentor sin H-indeks rekna etter Web of Science.
  6. Doktorgradsavhandlinga (elektronisk format).
  7. Omtale av forskingsgruppa (maks 1 side).
  8. Eventuelle andre vedlegg.

Vi gjer merksam på at vi ikkje vil kunne vurdere deg som søkjar dersom vedlegg manglar i søknaden.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS