Stilling:

Førstekonsulent (Det matematisk - naturvitenskapelige fakultets sekretariat)

Søknadsfrist 20. november 2018

Ved studieseksjonen ved Det matematisk-naturvitenskaplege fakultet er det ledig ei fast stilling som førstekonsulent frå 1. januar 2019.

Studieseksjonen har ansvar for koordinering og utvikling av studietilbodet ved fakultetet. Seksjonen har også overordna administrativt ansvar for koordinering, kvalitetssikring og utvikling av fakultetet sine studieprogram på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. I dette inngår mellom anna drift av infosenter for realfagsstudentar, informasjonsarbeid, koordinering av opptak, eksamen, internasjonalisering, samt rekruttering og mottak av nye studentar. Det inngår også studierettleiing for studentane ved fakultetet.

Det er venta at den som vert tilsett skal kunne delta i og leie utviklingsprosjekt innan studiefeltet. Den som vert tilsett rapporterer til seksjonssjefen.

Arbeidsoppgåver:

  • Hovudansvar for studentrekruttering og profilering av fakultetet sitt studietilbod
  • Utvikling og vedlikehald av fakultetet sine nettsider innan studiefeltet, produksjon av rekrutteringsmateriell, produksjon av nyheitssaker og oppfølging av fakultetet sine alumnar
  • Om lag 30 % av stillinga er knytt inn mot prosjektet «Kompetansedeling for studenters suksess i høyere utdanning». Arbeidsoppgåvene knytt til prosjektet vil primært vere informasjonsarbeid, nettsider og profilering av prosjektet
  • Sakshandsaming av studiesaker og anna studieadministrativt arbeid
  • Utgreiing – og analyseoppgåver, særleg knytt til rekruttering av studentar og studiegjennomføring
  • Prosjektstøtte for studieseksjonen sine eigne prosjekt som vitnemålsseremonien og «På veg»

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå
  • Søkjarar må ha god formidlingsevne, og kunne handtere ulike publiseringsverkty
  • God IT-kompetanse
  • Relevant praksis og kjennskap til universitets- og høgskolesektoren
  • God kjennskap til fakultetet sine studieprogram og emneportefølje
  • Erfaring frå journalistikk/kommunikasjonsarbeid er ein føremon
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som førstekonsulent etter lønssteg 51 – 55 (kode 1408/LR 21) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 449 400 – 480 600). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare lønn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonssjef i studieseksjonen, Ingrid Christensen, telefon 55584759

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen