Stilling:

Stipendiat i klimaprosessar og vassisotop forsking

Søknadsfrist 8. oktober 2018

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i klimaprosessar og vassisotop forsking. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med 25 % beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er bevillingsfinansiert.

Om prosjektet

Vannsyklusen er ein av de største kjeldene til usikkerheit i klimasystemet. Modellar av vannsyklusen vil bli meir representative når begrensningar i observasjonsdata vert reduserte. Dette prosjektet er ein del av eit større innsats ved Geofysisk institutt for å sette standard for vêrvarsel og klimamodellar ved hjelp av målingar av stabile isotopar i ulike komponentar i den globale vannsyklusen. Stipendiatstillinga er knytt til arbeidet som utføres i mellom anna to ERC-prosjekt, i eit stimulerande forskingsmiljø på dette feltet.

Som stipendiat vil du vere ein del av den nasjonale forskarskolen klimadynamikk (CHESS), og du vil også vert tilknytta Bjerknessenteret for klimaforsking (BCCR). BCCR er det største klimaforskingssenteret i Norden og blant de mest framragande sentrene i Europa. Arbeidsmiljøet er svært internasjonalt med rundt 200 forskarar frå 37 land.

Arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett vil få i oppgåve å revurdere det fysiske grunnlaget for faseforandringsprosessar av vannisotopar med omsyn til teori, målinga og modellimplementering. Stipendiaten har tilgang til moderne instrumentering både i laboratoriet og i felt. Prosjektet til stipendiaten vil ha som mål å betre beskrivingar og redusere usikkerheit i prosessar på molekylært nivå i stabile isotopar. Stipendiaten vil nytte numeriske sensitivitetseksperimenter saman med isotop-aktiverte atmosfæriske modellar for å undersøkje effekten. Resultata vil bli vurdert med omsyn til signala i klimaproxyarkiva frå blant anna isdekka på Grønland og i Antarktis.

Spesifikke oppgåver for doktorgradsprosjektet er:

  • Reevaluere teorien om stabil isotopfraksjonering under fordamping og sublimasjon
  • Utarbeide egna laboratorieundersøkingar, inkludert vindtunneleksperiment
  • Implementere teoretisk utvikling i numeriske modellar
  • Utføre sensitivitetseksperiment med relevans for klimaproxyarkiva

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i atmosfærisk vitskap, klimavitskap, meteorologi, geofysikk, matematikk, fysikk, materialvitskap og ingeniørfag; eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå instrumentering i laboratoria og i felt er ein føremon
  • Erfaring med vitskapleg scripting, programmering og dataanalyse (for eksempel; Python, Matlab, R, C++, FORTRAN)
  • Bakgrunn frå materialfysikk, atmosfærisk vitskap, klimatologi, glasiologi, hydrologi, eller relatert disiplin
  • Prov på sjølvstende innan forsking og sterke skriftlege eigenskapar
  • Søkjarar må kunne kommunisere aktivt og ha gode samarbeidsevner passande for ei større gruppe
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Spesielle krav til stillinga

Den som vert tilsett må være forberedt på å vere i lange periodar i felt. Til tider vil det innebere arbeid under kalde forhold, i små grupper, liten kontakt med omverda, og under det som kan karakteriserast som primitive forhold.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Konkrete tankar / idear om forskingsprosjektet og/eller kvifor du vurderer deg sjølv som ein framifrå kandidat til stillinga, vil bli verdsatt.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert. Vi oppfordrar søkjarar til å leggje ved masteroppgåva saman med søknaden
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar
  • Inntil tre peer-review publikasjonar med beskrivelse av ditt eget bidrag til arbeidet med publikasjonen

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Forskar Hans Christian Steen-Larsen eller Professor Harald Sodemann.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS