Stilling:

Stipendiat i klimadynamikk

Søknadsfrist 11. oktober 2018

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i klimadynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, med 25 % av tida beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Bjerknes Climate Prediction Unit (BCPU) som har som mål å predikere klimaet i Atlanterhavet og Arktis frå sesong til fleire år framover. BCPU er en del av Bjerknessenteret for klimaforskning.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stipendiaten vil identifisera i kva grad ferskvann- og varmeanomaliar forplantar seg langs Golfstrømmens forlenging mot Arktis. Dette inkluderer ei vurdering av prediktabilitet i havet med fokus på utveksling av vannmassar mellom Nord-Atlanteren og Norskehavet. Stipendiaten vil også undersøkja i kva grad prediktabilitet i havet kan overførast til atmosfærisk prediktabilitet over Europa. Ei hovudoppgåve er å finne måtar å måle prediktabilitet på, som vil verte brukt til å teste og forbetre numeriske modellar for klimaprediksjon. For å utvikle ein mekanistisk måte å måle prediktabilitet på, vil stipendiaten undersøkja representasjonen av viktige prosessar i klimaprediksjonmodellar samt treffsikkerheita til modellane. Hovudverktøyet i forskinga er Den norske klimaprediksjonsmodellen (The Norwegian Climate Prediction Model).

Stipendiaten vil bli rettleia av Dr. Helene R. Langehaug, Dr. Marius Årthun og Prof. Tor Eldevik. Forskinga for denne stillinga vil bli utført i nært samarbeid med teamet som utviklar Den norske klimaprediksjonsmodellen i BCPU.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må hå oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk, fysikk, anvendt matematikk eller liknande, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • God kunnskap om hav- og klimadynamikk
  • Det er eit krav at søkjarar har erfaring med ein eller fleira av følgjande: havsirkulasjon, hav-atmosfære interaksjon, mekanismar for hav- og klimavariabilitet, spesielt i Nord-Atlanteren og/eller Det arktisk hav, med fokus på mellomårlige til dekadiske tidskalaer.
  • Gode ferdigheter innan statistisk analyse av observasjonar, reanalyse data eller data frå numeriske modellar.
  • Erfaring med vitskapeleg programmering (for eks. Matlab, Python, Fortran).
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Gode ferdigheter i skriftleg og munnleg engelsk.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskar Helene R. Langehaug eller Professor Tor Eldevik.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS