Stilling:

Seniorrådgiver (koordinator) for World Climate Research Programme ved Bjerknessenteret for klimaforskning

Søknadsfrist 19. november 2018

Ved Bjerknessenteret for klimaforsking er det ledig ei fast stilling som seniorrådgivar. Seniorrådgivaren skal jobbe som koordinator ved eit nyoppretta kontor for World Climate Research Programme (WCRP) sine regionale aktivitetar, og vil rapportere til programmet sin vitskapelege komité. Kontoret er delt mellom Bjerknessenteret og Det tyske klimaservicesenteret (GERICS) i Hamburg, der ein tilsvarande stilling vert utlyst. Stillinga vil medføre ein del reiseverksemd.

Arbeidsoppgåver:

  • Fremje og koordinere arbeidet med WCRP sine Kjerneprosjekt og Store utfordringar innanfor vedtekne Strategiar
  • Bidra til synergi og integrasjon mellom dei ulike regional aktivitetane og WCRP sine Kjerneprosjekt
  • Sjå etter muligheiter, ressursar og partnarskap som kan bidra til å promotere regional klimaforsking innanfor WCRP
  • Bidra til å formidle WCRP sine aktivitetar gjennom brosjyrar og nettbaserte media
  • Planlegge og organisere vitskapelege møter og kurs i regi av WCRP
  • Rapportere om planar og framdrift på årlege møter

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha avlagt ein PhD-grad innanfor eit fagfelt som er relevant for den naturvitskapelege klimaforskinga
  • Søkjarar må ha dokumentert brei erfaring i å jobbe internasjonalt
  • Søkjar må ha dokumentert erfaring frå strategiarbeid og koordinering
  • Erfaring frå organisering av møter og konferansar vil vera eit krav
  • Søkjarar må kunne kommunisere skriftleg og munnleg på engelsk
  • Det er ein føremon med gode norskkunnskapar
  • Evne til samarbeid og andre eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 64 - 70 (for tida kr 565.100 - kr 631.300) i det statlege lønsregulativet.
  • For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Direktør Tore Furevik, Bjerknessenteret for klimaforsking, tore@gfi.uib.no / +47 98677226

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS