Postdoktor i regional klimamodellering og -analyse

Søknadsfrist 20. august 2018

Det er ledig ei stilling som postdoktor i regional klimamodellering og -analyse ved det nyleg etablerte SapienCE Senter for fremragende forskning (SFF). SapiensCE blei etablert i 2017 under programmet for norske sentre for framifrå forskning, administrert av forskingsrådet. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år med tilsetjing ved Institutt for geovitenskap.

Om prosjektet / arbeidsoppgåver

Vi søkjar ein entusiastisk og motivert klimaforskar som kan ta del i det tverrfaglege arbeidet ved SapiensCE. Dette representerer ein unik moglegheit for ein forskar som er i byrjinga av karrieren til å etablere ein profilert forskingsportefølje og til å bidra til funn som fundamentalt vil endre korleis vi forstår tidlege menneske og deira forhold til miljøet sitt. Den som vert tilsett, vil arbeide med å utvikle og gjennomføre innovative regionale klimamodelleringseksperiment som vil gje ein meir robust forståing for lokale til regionale klimahøve over det sørlege Afrika i perioden frå 100.000 til 50.000 år før notid. Vidare vil kandidaten arbeide saman med dei andre forskarane ved sentret med å utvikle forståinga for samanhengar mellom klimarekonstruksjonar, arkeologisk kunnskap og tidleg menneskeleg åtferd. Noverande arkeologisk kunnskap viser at perioden 100-50 ka var ein milestolpe for mennesket si kognitive, teknologiske og sosiale utvikling i Afrika. Meir forsking er naudsynt for å forstå kor, når og kvifor tidlege menneske begynte å tenkje og oppføre seg slik vi gjer i dag. Kunnskap om miljø- og klimaendringar som fann stad i denne perioden utgjer ein kritisk brikke i dette puslespelet.

SapienCE samlar leiande forskarar frå Universitetet i Bergen og lokale og internasjonale partnare innan arkeologi, kognitive fag, psykologi, klimavitskap med vidare, under leiing av professor Christopher Henshilwood. Målet er å saman svare på nokon av dei mest fundamentale spørsmål kring kva det vil sei å vere eit menneske. Klimaforskingsgruppa, leia av professor Eystein Jansen (tidlegare direktør for Bjerknessenteret for Klimaforskning) består av leiande paleoklimaforskarar, globale klimamodellører og ekspertar på regionalt klima. Dr. Stefan Sobolowski (Uni Research), som leiar Bjerknessenteret si aktivitet i regional klimamodellering, vil vere rettleiar for den som vert tilsett.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor atmosfæriske fag, meteorologi eller klimavitenskapsrelatert felt, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med regional klimamodellering og analyse er eit krav. Dette bør omfatte å designe, kjøre og analysere simuleringar.
  • Evne til å arbeide innanfor Unix/Linux-miljø og erfaring med statistisk analyse av klimadata, basale shell scripts og Matlab/Python eller liknande analyseverktøy, er eit krav.
  • Evne til å demonstrere potensial til å publisere artiklar av høg kvalitet er eit krav.
  • Demonstrerbar kjennskap til klimadynamikk på regional skala og / eller meteorologi er eit krav.
  • Erfaring med WRF-modellsystemet er ein føremon.
  • Kunnskap om klima over sørlege Afrika, både i fortid og i notid, er ein føremon.
  • Erfaring med storskala-klimadynamikk, generell atmosfæresirkulasjon og global klimamodellering er ein føremon.
  • Paleoklima-erfaring er ein føremon.
  • I tillegg er det ein føremon med erfaring innan land-hav-interaksjonar og eksperiment med landoverflateendringer.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og vere villig til å samarbeide med andre i prosjektteamet. Det er ein særleg føremon å ha erfaring frå breie tverrfaglege prosjekt.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 514 800,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • eit brev som tydeleg beskriv søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga og korleis han/ho oppfyller kvalifikasjonskriteria
  • ei kort utgreiing (ein side) om søkjaren sine forskingsinteresser og korleis dei er relevante for den annonserte stillinga og Sapiens-senteret
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Forskar Stefan Sobolowski, Uni Research og Bjerknessenteret for klimaforskning (stefan.sobolowski@uni.no eller 55 58 38 25), eller
  • Professor Eystein Jansen, Institutt for geovitenskap og Bjerknessenteret for klimaforskning (eystein.jansen@uib.no eller +47 906 18 858)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS