Stilling:

Postdoktor i eksperimentell kjernefysikk / medisinsk fysikk

Søknadsfrist 20. august 2018

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som postdoktor i eksperimentell kjernefysikk/medisinsk fysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til prosjektet «Clinical prototype of a proton CT based on a tracking calorimeter», finansiert av Noregs forskingsråd og Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til gruppene i eksperimentell kjernefysikk og mikroelektronikk ved Institutt for fysikk og teknologi. Den som blir tilsett skal arbeide med prosjektet «Clinical prototype of a proton CT based on a tracking calorimeter». Målet med prosjektet er å utvikle ein bildemodalitet basert på data frå proton CT for doseplanleggjing, verifikasjon av posisjon og verifikasjon av doseavsetjing i partikkelterapi. Den nyutvikla prototypen for (pre-)klinisk proton CT er ein kompakt kombinert eining sett saman av detektorar for rekonstruksjon av spor og eit kalorimeter. Tre-dimensjonal spor-rekonstruksjon blir utført med fleire lag av silisiumdetektorar (MAPS-teknologi), men absorbatorlag mellom detektorlaga. Takk vere eit særs høgt tal utlesingspunkt, vil eininga kunne handtere høg partikkelmultiplisitet, og gjev derved eit gjennombrot i evne til å handtere høge partikkelratar. Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Haukeland Universitetssjukehus, Høgskulen på Vestlandet og internasjonale partnarar. Det er fleire master- og ph.d.-studentar knytte til prosjektet. Den som blir tilsett skal ta ei leiande rolle i konstruksjon, integrasjon og idriftsetjing av systemet. Stillinga er basert i Bergen, men den som blir tilsett må rekne med opphald på samarbeidande institutt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor eksperimentell kjernefysikk, detektorfysikk eller instrumentering, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå laboratoriearbeid og ekspertise i idriftsetjing av kompliserte instrument er eit krav for stillinga.
  • Søkjarar må ha erfaring frå arbeid innan medisinsk fysikk, instrumentering for kjernefysikk (særskilt silisiumdetektorar), utlesingselektronikk og systemintegrasjon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200,- brutto.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar
  • Søknaden skal innehalde
  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Dieter Røhrich, Institutt for fysikk og teknologi, +47 55582722, dieter.rohrich@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS