Stilling:

Professor / førsteamanuensis i samfunnspsykologi

Søknadsfrist 31. oktober 2018

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet er det ledig ei fast 100% stilling som professor, eventuelt førsteamanuensis i samfunnspsykologi.

Stillinga er knytt til det komplimenterande utdanningsprogrammet for ELTE-kandidatar som skal opprettast etter oppdrag frå Helsedirektoratet. Programmet er eit utdanningstilbod til psykologistudentar frå Eötvös Loránd University (ELTE) i Ungarn som ikkje har tilstrekkelig kompetanse til å verte autorisert som psykolog i Noreg. UiB skal derfor som eit av fleire universitet tilby komplimenterande utdanning for denne gruppa. Det blir lyst ut to stillingar totalt ved Det psykologiske fakultetet for dette oppdraget, den andre ved Institutt for klinisk psykologi. Stillingane vil vera finansiert av Helsedirektoratet.

Det psykologiske fakultet tilbyr profesjonsutdanning for psykologar, har ansvar for universitetspedagogisk utdanning av UiB sin eigen stab, bidreg med pedagogikkdelen av lærarutdanninga, og tilbyr grader innan eit vidt felt: barnevern, helsefremjande arbeid, pedagogikk, spesialpedagogikk, lærarutdanning, psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi og logopedi. Fakultetet sine hovudsatsingsområde innan forsking er knytt til helse, utdanning, utviklingsrelatert forsking og basalforsking i vid forstand.

Institutt for samfunnspsykologi har til saman 35 faste vitskapelege stillingar og har undervisningsansvar på årsstudiet i psykologi, profesjonsstudiet i psykologi, bachelorprogramma i arbeids- og organisasjonspsykologi og i generell psykologi og på masterprogrammet i psykologi (med dei tre studieretningane arbeids- og organisasjonspsykologi, psykologisk vitskap og åtferd og nevrovitskap), samt på ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet. Instituttet har òg fleire emnetilbod innan etter- og vidareutdanning. Instituttet driv forsking i psykologiske basalfag og innan anvende område som skule- og opplæringspsykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi og samfunnspsykologi.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal:

  • undervise kandidatar som har utdanning i psykologi frå Eötvös Loránd University i Ungarn (ELTE), og skal kvalifisere seg for autorisasjon som psykolog i Norge.
  • gje praksisnær og praksisorientert undervisning retta inn mot klinisk arbeid i helsetenester på kommunalt nivå for born og unge med psykiske vanskar, og ut frå eit samfunnspsykologisk perspektiv med vekt på familie, nettverk og oppvekstmiljø (førebygging, lågterskeltilbod og systemarbeid). Det vert lagt vekt på å gje opplæring i dei arbeidsroller, oppgåver og plikter psykologar har i arbeid med barn og unges psykiske helse på kommunalt nivå.
  • ha emneansvar for utdanningstilbodet til ELTE-kandidatar, og faglig koordinerande funksjonar inn mot dei andre norske universiteta som bidrar til denne utdanninga.
  • inngå i instituttets arbeid ved å bidra til å utvikle nasjonal og internasjonal forsking innan samfunnspsykologi og psykisk helsearbeid for barn og unge

Andre undervisningsoppgåver ved instituttet kan òg verte aktuelle på bachelor-, master og doktorgradsnivå. Den som vert tilsett vil ha sensur/eksamensarbeid, administrative oppgåver og må delta i møte og komitéarbeid på lik linje med dei andre tilsette ved instituttet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha doktorgrad i psykologi på søknadstidspunktet
  • Søkjar må ha autorisasjon som psykolog eller fylle krava til slik autorisasjon på søknadstidspunktet
  • Søkjar må vere ferdig utdanna psykologspesialist på søknadstidspunktet
  • Søkjar må ha god kjennskap til det samfunnspsykologiske praksisfeltet for born og unge Søkjar må ha erfaring med praksisorientert undervising i klinisk arbeid med born og unge, og kompetanse i ferdigheitstrening innanfor dette arbeidsfeltet
  • Det er ønskelig med erfaring fra prosjektledelse og forskningsveiledning
  • Han eller ho må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Han eller ho må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og må samarbeide godt med både kollegaer og studentar
  • Han eller ho må ha evne til å skape eit godt læringsmiljø
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved oppstart

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som professor etter lønssteg 77 - 85 (kode 1013) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 731 000 – 921 900 brutto. Dersom det ikkje er tilstrekkeleg kvalifiserte søkjarar til professorstilling, kan det verte aktuelt å tilsetje i stilling som førsteamanuensis. Løn som førsteamanuensis vil vere etter lønssteg 67-74 (1011/lønsramme 24, alternativ 8 – 10) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 597 100 - 681 800 brutto. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål
  • Attestar
  • Namn og kontaktopplysingar til to referansar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 15)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden jf. siste kulepunkt.

Søknadsfrist: 31.10.2018

Søknaden skal merkast: 18/10358

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Instituttleiar Roar Espevik

E-post Roar.Espevik@uib.no

Tlf. 55 58 23 26

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS