Stilling:

Professor / førsteamanuensis i farmakologi ved Klinisk institutt 2

Søknadsfrist 10. august 2018

Ved Universitetet i Bergen, Klinisk institutt 2 (K2), er det ledig ei fast stilling som professor (100 %) i farmakologi. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med professorkompetanse, kan det verte tilsett førsteamanuensis. Arbeidsstad er Laboratoriebygget ved Haukeland Universitetssjukehus, Bergen.

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, finn du lenger ned på sida.

Dersom søkjar er spesialist i klinisk farmakologi eller kan vise til formell utdannelse i faget, kan stillinga og vere knytt til ein 20% bistilling som lege ved Seksjon for klinisk farmakologi, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi ved Haukeland Universitetssjukehus.

Stillinga skal vere knytt til Bergen farmakologi og farmasi forskingsgruppe ved Klinisk institutt 2.

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

  • Instituttleiar, professor Pål Njølstad (pal.njolstad@uib.no) eller
  • Professor Steinar Hustad (steinar.hustad@uib.no)

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar skal ha medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon som lege ved tilsetjing.
  • Søkjarar må ha norsk doktorgrad innan farmakologi eller i eit nært beslektet område eller tilsvarende kompetanse.
  • Den som vert tilsett skal undervise i generell og spesiell farmakologi innan medisin og bør vise til erfaring og evalueringar frå tilsvarande undervisning.
  • Den som vert tilsatt kan måtte undervisa master og PhD-studentar ved instituttet og delta i generell undervisning på bachelor-nivå for lege, odontologi, ernæring og farmasi-studentar i tillegg til å delta i andre oppgåver ved instituttet.
  • Det vert lagt vekt på evne til å skapa eit godt undervisningsmiljø og utnytte kontakten til dei kliniske miljøa ved Haukeland universitetssjukehus.
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar kan vise til egen forsking og relevante publikasjonar innan fagområdet.
  • Det vil bli lagt vekt på evne til å skape forskingsmiljø gjennom eigen nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt.
  • Det vil bli lagt vekt på evne til å få fram eigne forskingsmiddel.
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Løn

Professor vert lønt etter lønssteg 76-78 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida 704 800 – 745 600 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 66 (kode 1011/lønsramme 24.8), for tida 579 300 eller lønssteg 68 (spesialist) for tida 600 200. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Løn er under justering.

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Retningsliner

Den som vert tilsett pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid og til utan godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Slik søkjer du stillinga:

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Legg ved:

● vitnemål og attestar

● fullstendig publikasjonsliste

● liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

● ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde

● vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15 for professor og maks 10 for førsteamanuensis) Kopier av desse i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

I tillegg ber vi søkjar legge ved:

  • dokumentasjon av innhenta eksternfinansiering
  • forskingsplan for dei neste fem år (maskimum fem sider)

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Ein viser elles til «Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

STILLINGSOMTALE

Professor/førsteamanuensis (100 %) i farmakologi ved Klinisk institutt 2

Ved Universitetet i Bergen, Klinisk institutt 2 (K2), er det ledig ei fast stilling som professor (100 %) i farmakologi. Arbeidsstad er Laboratoriebygget ved Haukeland Universitetssjukehus, Bergen. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med professorkompetanse, kan det verte tilsett førsteamanuensis.

Dersom søkjar er spesialist i klinisk farmakologi eller kan vise til formell utdannelse i faget, kan stillinga og vere knytt til ein 20% bistilling som lege ved Seksjon for klinisk farmakologi, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi ved Haukeland Universitetssjukehus.

Klinisk institutt 2 er eitt av to medisinske kliniske institutt ved Det medisinske fakultet. Den faglege porteføljen er brei, og spenner over mange av dei medisinske spesialitetane. Instituttet har om lag 250 tilsette og held til på universitetscampus ved Haukeland universitetssjukehus.

Instituttet driv medisinsk forsking, rettleiing og undervisning på høgt internasjonalt nivå. Instituttet har viktige oppgåver både i legeutdanninga, mastergradsutdanninga og doktorgradsutdanninga innan medisin og farmasi.

Stillinga skal vere knytt til Bergen farmakologi og farmasi forskingsgruppe ved Klinisk institutt 2.

Den som vert tilsett skal undervise i generell og spesiell farmakologi innan medisin og bør vise til erfaring og evalueringar frå tilsvarande undervisning.

Den som vert tilsatt kan måtte undervisa master og PhD-studentar ved instituttet og delta i generell undervisning på bachelor-nivå for lege, odontologi, ernæring og farmasi-studentar i tillegg til å delta i andre oppgåver ved instituttet.

Det vert lagt vekt på evne til å skapa eit godt undervisningsmiljø og utnytte kontakten til dei kliniske miljøa ved Haukeland universitetssjukehus.

Det vert lagt vekt på evne til å skape forskingsmiljø gjennom eigen nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt, relevante publikasjonar innan fagområdet og evne til å få fram eigne forskingsmiddel. Vidare vil det verte lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid både i forsking, koordinering og rettleiing.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Den som blir tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjing, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal til leggjast reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan ein til dømes gjere ved å sende inn:

• prov for gjennomført pedagogisk utdanning

• evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning

• oversyn over undervisningsomfang og -nivå

• oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat

• mottekne studentprisar

• eigne pedagogiske publikasjonar

• eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell

• rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Tilsetjinga går føre seg på grunnlag av vurdering av ei vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og eventuell prøving av undervisningskompetanse.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS