Stilling:

Førsteamanuensis i rettsvitskap (konkurranserett / marknadsrett)

Søknadsfrist 15. august 2018

Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i rettsvitskap med kompetanse i konkurranserett og/eller marknadsrett.

Det juridiske fakultet har 37 professorar, 5 professor II, 10 førsteamanuensar, 1 førsteamanuens II, 26 stipendiatar, 1 forskar, 3 post.doc og 30 teknisk-administrativt tilsette i faste og mellombelse stillingar. Fakultetet har om lag 2400 studentar. Av desse er om lag 200 innreisande utvekslingsstudentar. Nærare opplysningar om fakultetet finn du på heimesida vår: http://www.uib.no/jur.

Ved fakultetet blir det undervist til graden master i rettsvitskap og ph.d.-graden.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

For å bli tilsett, må søkjaren ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning og norsk doktorgrad i rettsvitskap eller tilsvarande rettsvitskapleg kompetanse.

Søkjarar må dokumentere generell rettsvitskapleg kompetanse. Minst eitt arbeid må gje ein djuptgåande analyse med grunnlag i norske rettskjelder, eller som frå folkerettslege eller andre internasjonale rettskjelderkastar lys over spørsmål av betydning for norsk rett.

Det vil òg bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Søkjarane må ha gode samarbeidseigenskapar og evne til å bidra til oppbygging av eit godt fagmiljø. I søknaden skal søkjaren gjere greie for måla sine for forskingsaktiviteten og for deltakinga si i forskingsverksemnda ved fakultetet.

Den som blir tilsetts i stillinga, skal ha kontorplass på BECCLE (Bergen Center for Competition Law and Economics). BECCLE er eit tverrfagleg samarbeid mellom juristar og økonomar ved UiB og NHH, sjåwww.beccle.no for nærare informasjon. Det er forventa at den som blir tilsett i stillinga, tar del i utviklinga av tverrfaglege forskingsprosjekt ved BECCLE og bidrar aktivt i senterets aktivitetar og nasjonale og internasjonale nettverk.

Ein sakkunnig komité skal vurdere søkjarane sine kvalifikasjonar. I vurderinga vil hovudvekta bli lagt på dei innleverte vitskaplege arbeida og kompetanse i konkurranserett og/eller marknadsrett. Det vil vidare bli lagt vekt på om søkjaren har kompetanse til å undervise i fleire fag innafor fakultetet sitt masterstudium i rettsvitskap. Den som blir tilsett i stillinga, skal ha eit særleg ansvar for undervisning og forsking ikonkurranserett og/eller marknadsrett.

Det vil bli lagt vekt på pedagogiske kvalifikasjonar, erfaring med undervisning som byggjer på problembasert læring, erfaring frå populærvitskapleg formidling, relevant praksis, fagpolitisk og administrativt arbeid. Vi viser elles til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse, kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett, vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Normalt vil nærare 50 % av arbeidstida vere sett av til forsking og forskingsrelatert verksemd, og nærare 50 % av arbeidstida til undervisning og undervisningsrelatert verksemd (m.a. rettleiing og eksamen) og resten til administrativ verksemd.

Den som blir tilsett, må vere villig til å engasjere seg i utviklingsarbeidet innan sitt eige fag og for universitetet som heilskap.

Løn etter kroner 658 300–731 400 etter hovudtariffavtalane i staten. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå bruttoløna blir det trekt pliktig innskot til Statens Pensjonskasse.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Utfyllande opplysningar om stillinga og om prosjektet kan ein få ved å vende seg til dekan Karl Harald Søvig, e-post: karl.sovig@uib.no.

Søkjarar må oppgje dei arbeida eller delar av arbeida som det skal leggjast særleg vekt på ved vurderinga. Desse bør ikkje vere fleire enn 10.

Søknad og vedlegg skal sendast elektronisk via linken på denne sida «Søk denne stilling» til Universitetet i Bergen.

Dersom søkjaren har vitskaplege arbeid som ikkje kan sendast elektronisk på grunn av format eller storleik, kan dei sendast per post (i alt 3 eksemplar/sortert i 3 like bunkar) saman med ei liste over desse til Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet, Postboks 7806, 5020 Bergen innan søknadsfristen.

Dei vitskaplege arbeida og vitnemål må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Vitskaplege arbeid på andre språk kan godkjennast etter særskild søknad innan søknadsfristen. Omsetjingar av vitnemål og vitskaplege arbeid må sendast fakultetet innan søknadsfristen.

Innleverte vitskaplege arbeid blir ikkje returnert med mindre søkjaren ber om dette i søknaden.

Søknaden må dessutan innehalde namn og kontaktopplysningar til referanse som kan stadfeste korleis søkjaren fungerer i undervisningssamanheng.

Det vil bli nytta intervju, og det kan bli nytta prøveforelesing i tilsettingsprosessen.

Det blir elles vist til rettleiing for søkjarar på webadresse: https://www.uib.no/jur/om-fakultetet/reglement-og-retningslinjer.

Søknadsfrist: 15. august 2018

Søknaden skal merkast: 2018/8027

Søk denne stilling

Powered by Labrador CMS