Stilling:

Førsteamanuensis (50 %) i medisin (augesjukdomar)

Søknadsfrist 11. november 2018

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (50 %) i medisin (augesjukdomar). Stillinga skal vere knytt opp til fast stilling som overlege ved Haukeland universitetssjukehus, Augeavdelinga.

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, finn du lenger ned på sida.

Stillinga skal vere knytt til ei av dei eksisterande forskingsgruppene ved instituttet.

Utfyllande opplysingar om stillinga får ein ved å kontakte:

  • Instituttleiar professor Kjell-Morten Myhr, Klinisk institutt 1, tlf. 41 44 78 68, e-post: kjell-morten.myhr@uib.no

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha norsk doktorgrad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse
  • Den som vert tilsett skal undervise i augesjukdomar
  • Det vert lagt vekt på evne til å skape forskingsmiljø gjennom eigen nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt
  • Det vert lagt vekt på evne til å få fram eigne forskingsmidlar
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Den som skal tilsetjast skal arbeide med forsking på augesjukdomar og må dokumentere eiga forsking som er relevant for dette fagområdet.

Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det er eit krav at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Løn

Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 66 (kode 1011/lønsramme 24.10) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 586 500 eller lønssteg 68 (spesialist) for tida kr 607 700. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Retningsliner

Den som vert tilsett pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid og til utan godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Slik søkjer du stillinga:

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Legg ved:

  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • kopi av vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) Kopiane i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Ein viser elles til «Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

STILLINGSOMTALE

FØRSTEAMANUENSIS I MEDISIN (AUGESJUKDOMAR)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (50 %) i medisin (augesjukdomar).

Om instituttet

Klinisk institutt 1 sine heimesider: https://www.uib.no/k1

Den som vert tilsett skal inngå i ei av dei eksisterande forskingsgruppene ved instituttet. Den som vert tilsett må ha norsk doktorgrad i relevant fagfelt eller tilsvarande kompetanse.

Den som blir tilsett skal delta i undervisninga i augesjukdomar og rettleie mastergradstudentar og doktorgradskandidatar. Den som blir tilsett vil òg bli pålagt å delta i instituttet si generelle undervising på lågare grad, og i arbeid på instituttet elles.

Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid både i forsking, koordinering og rettleiing.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Den som blir tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjing, får tilbod om opplæring.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innafor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som vert tilsett også bli pålagt undervising, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til. Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal tilleggjast reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar.

Dette kan ein til dømes gjere ved å sende inn:

• prov for gjennomført pedagogisk utdanning

• evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning

• oversyn over undervisningsomfang og -nivå

• oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat

• mottekne studentprisar

• eigne pedagogiske publikasjonar

• eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell

• rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Tilsetjinga går føre seg på grunnlag av vurdering av ei vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og eventuell prøving av undervisingskompetanse.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS