Stilling:

Førsteamanuensis / universitetslektor (50 %) i pedagogikk

Søknadsfrist 31. juli 2018

Ved Institutt for design, er det ledig ei mellombels stilling som førsteamanuensis (50 %) i pedagogikk ved Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) for kunstnarar og designarar. Stillinga er for ein periode på eit år med moglegheit for forlenging. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med førsteamanuensiskompetanse, er det aktuelt å tilsette universitetslektor. Tilsetjing er ønska frå 1. august 2018.

Institutt for design er ein del av Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen. KMD er eit kraftsenter for kunstnarleg utviklingsarbeid, vitskapleg forsking og utdanning, fundert på lange tradisjonar for kunst-, musikk -og designutdanning i Bergen.

Fakultetet har om lag 600 studentar og 180 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i tre institutt (kunst, musikk og design) med ein felles administrasjon.

Institutta har stipendiatar som er knytte til Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) og ph.d.-programmet til UiB. UiB arbeider også med å få på plass eit kunstnarleg ph.d.-program, som vil innebere ei ytterlegare styrking av forskingsmiljøet ved fakultetet.

Fagmiljøa innan kunst og design er samlokaliserte i eit nytt bygg, spesialteikna for verksemda av Snøhetta. UiB arbeider for å etablere eit eige bygg for Griegakademiet - Institutt for musikk på nabotomta i Møllendal.

Om Institutt for design

Institutt for design er kjenneteikna av eit vidt spekter av uttrykksformer, opne samtalar og kritiske diskusjonar. Tilhøvet mellom teori og praksis, utviklinga av eit relevant omgrepsapparat og balansen mellom produksjon og refleksjon, står sentralt i designutdanninga vår. Vi tilbyr studium innanfor områda visuell kommunikasjon og møbel- og romdesign/interiørarkitektur. Ein breitt samansett fagstab, med tilsette som sjølve er utøvande designerar nasjonalt og internasjonalt, er ein føresetnad for eit levande undervisningsmiljø ved instituttet. Fagstaben sitt kunstnarlege utviklingsarbeid og forsking står sentralt og dannar grunnlaget for undervisninga. Våre fagmiljø er forankra i eit tydeleg samfunnsengasjement.

Instituttet har eit breitt utval av verkstader som blir nytta både i undervisning og kunstnarleg utviklingsarbeid. Tilsette tilknytt desse spesialiserte fasilitetane sørger for ei stadig utvikling og oppgradering av materialkunnskap innanfor konteksten av ein samansett designfagleg diskusjon. Institutt for design prioriterer utvikling og gjennomføring av større forskingsprosjekt, også med ekstern finansiering.

PPU ved KMDPraktisk-pedagogisk utdanning (PPU) for kunstnarar og designarar er ei eittårig lærarutdanning på fulltid. I dette studiet står det kunst- og designfaglege perspektivet i fokus for den pedagogiske tilnærminga til formell undervisningskompetanse. Vi arbeider med å utgreie oppretting av felles PPU for Fakultet for kunst, musikk og design. Eit felles PPU program vil tidligast kunne starte opp i 2019.

Vi søkjer etter ein høgt motivert pedagog som har evne til å inspirere og motivere studentane.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning og rettleiing.
  • Ansvar for å utvikle og gjennomføre undervisningsopplegg.
  • Ansvar for å følgje opp studentar i praksis.
  • Organisering og tilrettelegging av undervisning, rettleiing og praksisopphald.
  • Administrative oppgåver og delta i møte og komitéarbeid på line med dei andre tilsette
  • ved instituttet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Ph.d. i pedagogikk eller tilsvarande utdanning. For universitetslektor er kravet høgare grads eksamen i pedagogikk, eller tilsvarande.
  • Vi legg vekt på undervisningserfaring frå skolen og kjennskap til dei norske lærarutdanningane.
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning, undervisning og rettleiing.
  • Vi ønskjer at du er sjølvstendig, motivert og ansvarsbevisst, og i tillegg at du har stor arbeidskapasitet.
  • Du viser initiativ og har evne til å arbeide systematisk og målretta.
  • Søkjarar med formell kunst- eller designfagleg kompetanse vil bli prioriterte.
  • Søkjar må beherske norsk og engelsk.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil måtte halde ei prøveførelesning for instituttets stab og studentar og ei prøverettleiing for ei gruppe studentar.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Ei interessant og krevjande stilling.
  • For førsteamanuensis (kode 1011): Løn kr. 517.700 – 590.000 (lønssteg 60 – 67) i det statlege lønsregulativet (lønsramme 24). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn. For stilling som universitetslektor (kode 1009): Løn kr. 436.900 – 466.500 (lønssteg 50 – 54) i det statlege lønsregulativet (lønsramme 25). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • CV.
  • Vitnemål.
  • Attestar.
  • Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar.
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde.

Søkjaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forholda stillinga krev. Det er viktig at søkjaren tydeliggjer betraktningane sine og beskriv synet på fagfeltets posisjon og muligheiter.

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGEN». Last opp alle vedlegg som separate filer. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før du laster dei opp.

Andre opplysingarDen statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Fakultetet kan tilby ei interessant og krevjande stilling i eit miljø med høgt aktivitetsnivå, faglege utfordringar og gode samarbeidsforhold.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Mona Larsen på e-post Mona.Larsen.design@uib.no eller telefon +47 55 58 74 40 /+47 905 00 972.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS