Stilling:

Stipendiat i filosofi - 2 stillingar

Søknadsfrist 26. august 2018

Ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium er det ledig to stillingar som stipendiat i filosofi med tilsetjing tidlegast frå 1. januar 2019.

Om stillinga

Tilsetjingsperioden er i utgangspunktet tre år, men på visse vilkår kan det leggjast ytterlegare eitt år med pliktarbeid inn i stillinga. Ein vesentleg del av ein eventuell pliktarbeidsperiode vil omfatte undervisning, rettleiing og vurderingsarbeid ved Examen philosophicum og/eller andre innføringsemne ved Det humanistiske fakultet. Ein eigen avtale med nærare detaljar for eit eventuelt ekstra år vil bli inngått ved tilsetjing.

Tilsetjing i stipendiatstillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande i filosofi. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut.

For søkjarar utan norsk mastergrad vil utdanninga bli vurdert opp mot krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT). Dokumentasjon for utanlandsk utdanning kan bli sendt til NOKUT for vurdering.

Søkjarane må meistre (skriftleg og munnleg) engelsk på eit høgt nivå. Gode ferdigheiter i norsk er ei føremon.

Den som blir tilsett må ha hovudrettleiar blant dei tilsette ved instituttet.

Ved vurdering og val av kandidat vil det bli lagt størst vekt på kvaliteten på ph.d-prosjektet.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen kan ikkje søke.

Om forskarutdanninga

Stipendiaten skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at søkjarar fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Løn

Løn etter lønssteg 51 (kode 1017/LR 20/alt.9) i statens lønsregulativ, for tida brutto kr. 449.000 per år. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til medlemskap i Statens pensjonskasse.

Andre opplysningar

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Reidar K. Lie på telefon 55 58 94 37 eller e-post Reidar.Lie@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillingane.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida «SØK PÅ JOBBEN». Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. I tillegg må dette følgje søknaden:

1. CV

2. Prosjektomtale (inntil 5 sider eller 3 000 ord)

3. Framdriftsplan for prosjektet

4. Litteraturliste for prosjektomtalen

5. Eit kort samandrag av hovudfagsoppgåva/masteroppgåva

(inntil 3 sider eller 2 000 ord)

6. Vitnemål frå universitet/høgskule (skanna originalar eller

bekrefta kopiar) som viser relevant utdanning

7. Liste over eventuelle vitskaplege produksjonar

8. Namn og kontaktinformasjon for to referansepersonar

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Dei vedlagte vitskaplege arbeida og vitnemål må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Vitskaplege arbeid og omsetjingar av vitnemål og vitskaplege arbeid må vere fakultetet i hende innan søknadsfristen. Publikasjonar som ikkje er sende inn som del av søknaden blir ikkje vurderte.

I tillegg gjeld følgjande krav:

http://www.uib.no/hf/21760/veiledning-s%c3%b8kere-til-stipendiatstillinger

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

Dei mest aktuelle søkjarane blir kalla inn til intervju før innstilling om tilsetjing blir gjort.

Søknadsfrist: 26.08.2018

Merk søknaden: 18/6444

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS