Stilling:

Inntil fem opne stipendiatstillingar (Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap)

Søknadsfrist 1. september 2018

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er det ledig inntil 5 stipendiatstillingar med tilsetjing frå 01.01.2019.

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha norsk hovudfag/mastergrad eller tilsvarande høgare utdanning. Graden må vere oppnådd innan søknadsfristen er ute. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Instituttet vil kunne sende dokumentasjon av utanlandsk utdanning til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.

Ein kan søkje innan følgjande fagområde:

  • arkeologi
  • historie
  • kulturvitskap
  • religionsvitskap

Sjå instituttet sine heimesiderwww.uib.no/ahkr for oversikt over fagområda.Prosjektet må høyre inn under eitt av dei fire faga og vil verte vurdert i lys av forskingskompetansen ved instituttet. Hovudrettleiar vil som regel vere fast tilsett ved instituttet. Det skal gå fram av søknaden kven som har stadfesta å kunne vere hovudrettleiar for prosjektet.

Vi tilbyr

  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017/LR 20/alt.9) i statens lønsregulativ, for tida brutto kr. 449.000 per år
  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til medlemskap i Statens pensjonskasse.

Om forskarutdanninga

Stipendiatane skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at søkjarar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

Om stillingane

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd, og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Søkjarar som tidlegare har vore tilsette i rekrutteringsstilling, kan få frådrag i tilsetjingsperioden. Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved UiB, kan ikkje søkje.

Samla tilsetjingsperiode er fire år. Utdanning- og forskingsdelen av stillinga utgjer tre år, og undervisning/forskingsadministrativt arbeid utgjer inntil eitt år og vert avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til:

  • Forskingskoordinator Randi Barndon, tlf. 55 58 29 38, e-post: randi.barndon@uib.no eller
  • Forskarutdanningskonsulent Trygve Svarstad, tlf. 55 58 94 29, e-post: trygve.svarstad@uib.no

Andre opplysningar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillingane.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Slik søkjer du

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGA». Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. I tillegg må dette følgje søknaden:

  1. Prosjektomtale (inntil 5 sider, ikkje medrekna litteraturliste)
  2. Framdriftsplan for prosjektet
  3. Eit kort samandrag av hovudfagsoppgåva/masteroppgåva (inntil 3 sider). Dersom du ikkje har norsk mastergrad, kan du bli beden om sende inn heile masteroppgåva.
  4. Vitnemål frå universitet/høgskule (skanna versjon) som viser at du har relevant utdanning
  5. Liste over eventuelle vitskaplege produksjonar
  6. Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  7. Stadfesting frå hovudrettleiar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format. Vitnemål må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsette vitnemål og vitskaplege arbeid må vere fakultetet i hende innan søknadsfristen.

I tillegg gjeld følgjande krav:

http://www.uib.no/hf/21760/veiledning-s%c3%b8kere-til-stipendiatstillinger.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Søknadsfrist: 01.09.2018

Merk søknaden: 18/7314

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS