Ledig stilling ved UiT Norges arktiske universitet

Programmerarar innan språkteknologi (to stillingar)

Søknadsfrist: 08.08.2019

Vil du jobbe ved verdas nordlegaste universitet?

Om stillingane

Ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet er det ledig to stillingar som programmerar.

UiT Noregs arktiske universitet

UiT Noregs arktiske universitet er eit breiddeuniversitet som bidrar til ein kunnskapsbasert utvikling regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi skal utnytte den sentrale plasseringa vår i nordområda, den faglege breidda og kvaliteten, og dei tverrfaglege fortrinna våre til å møte utfordringane i framtida.


Truverde, akademisk fridom, nærleik, kreativitet og engasjement skal prege tilhøvet mellom tilsette, mellom tilsette og studentar, og mellom UiT og samarbeidspartnarar.

Stillingane blir lagt til gruppene Divvun og Giellatekno ved ISK. Divvun utarbeider programvare for samiske og andre morfologisk komplekse språk, og Giellatekno driv språkteknologisk forsking på dei same språka. Divvun-gruppa starta som eit prosjekt ved Sametinget i 2004, og vart flytta til UiT i 2011. Giellatekno-gruppa vart starta av UiT i 2003 for å forska på samisk språkteknologi. Meir informasjon om gruppene kan ein få via lenkene nedanfor.

1) Programmerarstilling (ved Divvun)

Stillinga skal ha ansvar for å utvikla infrastrukturen for all språkteknologi ved dei to gruppene, med særleg vekt på å utvikla nye måtar å bruka teknologien på, og på å ta i bruk ny teknologi for språka vi arbeider med. Røynsle med og bruk av endelege tilstandsautomatar er ein fordel.

Stillinga skal støtta arbeidet til lingvistane i gruppa, og vidareutvikla rutinar for testing og redigering.

Det er ønskeleg med erfaring frå integrering av ulike teknologiar til større heilskapar, og med røynsle frå kontinuerlig integrering & levering (CI/CD).

Samarbeid med eksterne leverandørar av programmerartenester er essensielt.

Det krevst kunnskapar i GNU make, autotools og Python, attåt ulike versjonskontrollsystem. Det er ein fordel med kunnskapar og erfaring med React og andre rammeverk for moderne, nettbaserte løysingar og webappar, til liks med røynsle med programmeringsspråket Rust.

2) Backendprogrammerar for webapplikasjonar (ved Giellatekno)

Dette er ei stilling i backendprogrammering for webapplikasjonar, med vekt på strukturering og prosessering av data for naturlege språk (xml, databaser). Søkjaren må ha god erfaring med scripting-språk, (helst) python, xml-prosessering og med regulære uttrykk, og erfaring med databaser (t.d. mysql). Kjennskap til django eller flask, til xsl, java og javascript er ein fordel. Tidlegare erfaring med språkteknologi er ønskeleg, men ikkje noko krav.

Felles for dei to stillingane:

Dei to gruppene samarbeider tett, og programmerarane vil gå inn i eit arbeidslag av til saman 4 programmerarar. Arbeidslaget vil fordele ulike oppgåver seg i mellom i samråd med gruppeleiarane, og for begge stillingane er det slik at erfaring med t.d. servaradministrasjon, CI/CD eller maskinlæring er ein fordel.

Sjølvstendigheit, gode samarbeids- og kommunikasjonevner er sentrale krav. Kreativitet og evne til å setja seg raskt inn i nye problemstillingar, teknologiar og programmeringsspråk er viktig.

Stillingane krev gode kunnskapar i engelsk. Kunnskapar i norsk og andre språk er ein fordel, men ikkje noko krav.

Søkjarane vil bli vurderte av ein sakkunnig komité. Ved vurderinga vil det bli lagt vekt på søkjaren sin faglege bakgrunn, men også på:

  • utdanningsbakgrunn
  • innsendte arbeid
  • yrkespraksis

Opplysningar og materiale som ein skal ta omsyn til i vurderinga, må vere levert innan fastsett frist.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillingane kan ein få hos:

Om instituttet

Institutt for språk og kultur (ISK) har vel 75 fast vitskapleg tilsette og om lag 30 stipendiatar. I tillegg kjem administrativt personale og mellombels tilsette i forskings- og undervisningsstillingar. Ved ISK driv ein undervisning, forsking og formidling innanfor faga allmenn språkvitskap, engelsk, finsk og kvensk, fransk, nordisk, russisk, samisk, spansk, tysk, medie- og dokumentasjonsvitskap og kunsthistorie. Det blir òg arbeidd med samisk språkteknologi innanfor gruppene Divvun og Giellatekno. På bakgrunn av nordområdeprofilen til UiT Noregs arktiske universitet har ISK forsking på språkforholda i nordområda som eit naturleg satsingsområde, men det blir også drive forsking innanfor eit vidt spekter av andre emne og med ulik teoretisk tilnærming.

I tillegg til dei to gruppene i samisk språkteknologi er det etablert forskingsgrupper på felta teoretisk lingvistikk, slavisk kognitiv lingvistikk, språktileigning og språk og samfunn, og fleire grupper i fagfelta kunst, kultur, litteratur og medie- og dokumentasjonsvitskap.

Dei som blir tilsette, vil ha sin daglege arbeidsstad ved UiT, Tromsø.

Kvalifikasjonar

Det krevst høgare utdanning (minst bachelor-nivå), eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje, samt relevant praksis og spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga.

Arbeidsvilkår

Løn etter Staten sitt regulativ kode 1087 overingeniør. Frå bruttoløna blir det trekt lovfesta pensjonsinnskott til Statens pensjonskasse.

Søknad

Send søknad elektronisk på søknadsskjema som ligg på jobbnorge.no. Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)
  • vitnemål og attestar
  • 3 referansar med kontaktinformasjon

Søkjarar som blir kalt inn til intervju må ta med originale vitnemål og attestar.

Generelt

Førespurnad om korleis arbeidsmiljøet er lagt til rette, mellom anna korleis arbeidsplassen er utforma, helseteneste, høve til fleksitid, deltid og liknande kan rettast til telefonreferansane. Ved UiT Noregs arktiske universitet legg vi vekt på mangfald, og oppmodar difor kvalifiserte søkjarar til å søkja utan omsyn til alder, kjøn, funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Personopplysningar som vert opplyst i søknad og CV til stillingar blir handsama etter lov om handsaming av personopplysningar; personopplysingslova. Etter offentlegheitslova § 25, 2. ledd kan søkjar be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Universitetet kan likevel bestemma at namnet på kandidaten skal offentleggjerast. Søkjar vil bli varsla i forkant av ei eventuell offentleggjering.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS