LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiatstilling ved Senter for kvinne og kjønnsforsking

Søknadsfrist: 27.06.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiatstilling ved Senter for kvinne og kjønnsforsking (SKOK)

Ved Senter for kvinne og kjønnsforsking (SKOK) er det ledig ei stilling som stipendiat i tverrfagleg kjønnsforskning og seksualitet. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Senter for kvinne- og kjønnsforsking er eit tverrfagleg senter for forsking, formidling og undervisning om kjønn, seksualitet, og feministisk teori. Senteret har ein kritisk, historisk og global profil, med fokus på samspelet mellom kjønn og andre maktstrukturar i samfunnet, som rase, klasse, etnisitet og funksjonsevne. SKOK er eit forskingsmiljø med spisskompetanse på teori innanfor det tverrfaglege kjønns- og seksualitetsforskingsfeltet, med særleg innretning mot globale samfunnsutfordringar. Den som vert tilsett skal bidra i den vidare oppbygginga av kompetansen i forskingsmiljøet.

SKOK er ein pådrivar for kjønnsforsking ved UiB, samt ein aktiv aktør innan kjønnsforsking nasjonalt og internasjonalt. Stipendiaten er venta å delta både på nasjonale og internasjonale arenaer, og det er ønskeleg at hen siktar seg inn mot publisering både i nasjonale og internasjonale publiseringskanalar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stipendiaten skal utarbeida eit eige prosjekt, og vil ha sin hovudrettleiar ved SKOK. Prosjektet skal være eit bidrag til eit av dei sentrale områda i kjønnsstudiar i brei forstand (så som kjønn, seksualitet, feminisme, interseksjonalitet, maskulinitet) og må ha ei kjønnsteoretisk ramme. Prosjektet kan óg ha eit empirisk fokus. Ein forventar at søkjarane vel eit område som kan bli rettleia av ein av dei fast tilsette ved senteret.

Forskinga ved SKOK har ein kritisk, global og historisk profil. I vurderinga vil det bli lagt vekt på korleis prosjektet passar inn i og bidreg til å vidareutvikle den teoretiske, tematiske og tverrfaglege forskinga ved senteret.

Stipendiatar ved SKOK tar del i forskargruppa Kjønnsforskinga sine grunnlagsproblem samt i den Nasjonale forskarskulen for kjønnsforsking.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan kjønnsstudie eller eit anna fag med kjønn og/eller seksualitet som hovudtema og/eller perspektiv. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT).
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjaren har dokumenterte ferdigheiter i både skriftleg og munnleg engelsk. Det er ein føremon, men ikkje eit krav, at søkjaren beherskar eit skandinavisk språk.

Søkjarar vil også bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 25 prosent av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med senteret ved tilsetjing.

Ein søkjar som tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon, kan bli tilsett i avkorta periode. Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved UiB kan ikkje søkje.

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Senter for kvinne- og kjønnsforsking og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga:

Stipendiatar skal delta i fakultetets utdanningsprogram, som mellom anna inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og ein midtvegsevaluering halvvegs i stipendiatperioda. Trykk her for meir informasjon om innhaldet i Ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultetet.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 490 800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjar du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev
  • Prosjektskisse (maks. 4000 ord)
  • Framdriftsplan
  • Litteraturliste til prosjektskildringa
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format. Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Nærare om utforming av søknad her.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS