Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiatstilling: Tryggleik knytt til hydrogen som energiberar i samfunnet

Søknadsfrist: 31.07.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen (UiB) har ei ledig stilling som stipendiat i eit tverrfagleg prosjekt knytt til tryggleik av hydrogen som energiberar i samfunnet. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, der eitt år er pliktarbeid knytt til undervisning og formidling av resultat frå forskingsverksemda.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet “Hydrogen as an energy carrier in society: risk picture, risk awareness and public acceptance” (HySociety) er ein del av den prioriterte satsinga på klima og energiomstilling ved UiB. Dette er eit tverrfagleg prosjekt leia av det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MatNat), i samarbeid med senter for klima og energiomstilling (CET) ved det samfunnsvitskaplege fakultet, og med støtte frå leiande forskarar innan risiko og beredskap frå Universitetet i Stavanger (UiS). Stillinga vil inngå i gruppa for energi- og prosessteknologi ved Institutt for fysikk og teknologi (IFT) ved UiB. Det overordna målet med prosjektet er å analysera drivarar og barrierar for omfattande bruk av hydrogen som energiberar i samfunnet.

Energisystemet treng eit skifte i retning av berekraftig bruk av konvensjonelle hydrokarbon og ein aukande del av fornybare energikjelder globalt. Det varierande tilfanget av energi frå sol og vind tilseier at hydrogen kan bli ein viktig energiberar i framtida. Ei omstilling til utstrakt bruk av hydrogen som energiberar i samfunnet vil krevje omfattande investeringar i teknologi og infrastruktur, og denne utviklinga må støttast av politiske vedtak og tilhøyrande reguleringar, lovverk og standardar.

Det ikkje realistisk å forventa utstrakt bruk av hydrogen i samfunnet om ikkje leverandørar av hydrogenteknologi kan demonstrera og dokumentera at den tilhøyrande risikoen er lik, eller lågare, enn risikoen for bruk av konvensjonelle energiberarar. Dette er ei betydeleg teknologisk utfordring, som må sjåast i samanheng med strategiar for bruk. Oppfatninga av risiko rundt hydrogenbruk blant folk, og særskilt blant dei som gjer avgjerande vedtak, vil påverka innføringa av hydrogen som energiberar. Fleire ulykke i 2019 og 2020 viser oss kor sårbar den veksande hydrogenøkonomien er og kor dramatiske konsekvensar ulykker kan ha for utvikling og bruk av hydrogenteknologi.

Målsetnaden med HySociety-prosjektet er å analysera, rangera og kvantifisera faktorar som påverkar bruken av hydrogen som energiberar i samfunnet.

Prosjektet vil òg bidra til:

  • Ny kunnskap og auka forståing for dei tekniske og samfunnsmessige utfordringane knytt til trygg bruk av hydrogen som energiberar, med spesielt fokus på transportsektoren.
  • Vitskapeleg basert kunnskap for befolkninga, politikarar og andre som gjer avgjerande vedtak om metodar for risikoanalyse og den tilhøyrande uvissa.
  • Formidling knytt til hydrogenteknologiar og hydrogentryggleik.

Forskingsaktivitetane i prosjektet vil omfatta eit bredt utval av tema knytt til omfattande bruk av hydrogen som energiberar i samfunnet, inkludert:

  • Bodskapa som ulike interessentar formidlar, med spesiell vekt på om innhaldet i kommunikasjonen er konsistent med rådande kunnskap og kunnskapshol knytt til hydrogenteknologi og relevante fysiske og kjemiske eigenskapar ved hydrogen.
  • Oppfatningar og tiltru til ulike interessentar og grupper, inkludert relevante ekspertpanel, på kritiske tema knytt til sikker bruk av hydrogen i samfunnet (dvs. medvit og oppfatning av risiko).
  • Om tilgjengelege modellar og metodar for å estimera konsekvensar og frekvensar av hendingar gir pålitelege verdiar, den tilhøyrande usikkerheita i risikoanalysar, og implikasjonane for bruken av kvantitative risikoanalysar (QRAs) som støtte for vedtak.
  • Andre relevante forhold, som tilbod og etterspurnad, produksjonskostnadar i liten og stor skala, energieffektivitet, teknologisk utvikling, levetid for eksisterande infrastruktur, offentlege innkjøp, lovverk og standardar, samfunnsmessige forhold, osb.

Analysen av barrierar og drivarar for omfattande bruk av hydrogen som energiberar i samfunnet vil byggja på vitskapleg basert kunnskap om dei fysiske og kjemiske eigenskapane til hydrogen, samt typiske parametrar som påverkar tryggleiken for hydrogeninstallasjonar: mengda av hydrogen i systemet, omsetting eller transport av energi i systemet, grad av innestenging og blokkering, om det er mogeleg å bruke robust design, typiske trykk og temperaturar under lagring og i prosess, osb.

Forskingsmetodane vil bli tilpassa den tverrfaglege tilnærminga i prosjektet, samt til ei viss grad kvalifikasjonane til søkjaren som vert tilsett. Relevante metodar inkluderer samanfatting og gransking av publikasjonar og annan kommunikasjon, spørjeundersøkingar og intervju med utvalde grupper av interessentar, samt kritisk evaluering av rådande metodar og modellar for estimering av frekvensar og konsekvensar av ulykkesscenarier som inkluderer utslepp, spreiing, brann og eksplosjon i hydrogeninstallasjonar. For å vurdere om tilgjengelege konsekvensmodellar kan rekne seg til pålitelege verdiar for relevante ulykkeshendingar kan det til dømes gjerast blindprediksjonsstudiar knytt til eksperiment utført i andre prosjekt.

Forskingsaktivitetane vil bli samordna med samtidige nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt på temaet hydrogentryggleik, inkludert tett samarbeid med relevante nettverk som International Association for Hydrogen Safety (IA HySafe) og IEA Hydrogen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd relevant mastergrad for temaet, eller utdanning på tilsvarande nivå, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må demonstrera grunnleggjande kunnskap og forståing for dei fysiske og kjemiske eigenskapane til hydrogen, samt implikasjonane for hydrogeninstallasjonar.
  • Erfaring frå risikoanalysar for energisystem er ein fordel
  • Erfaring frå utforming og analyse av spørjeundersøkingar er ein fordel
  • Erfaring frå blindprediksjonsstudiar er ein fordel
  • Erfaring frå numerisk fluiddynamikk (CFD) er ein fordel
  • Erfaring frå fleirfagleg arbeid er ein fordel
  • Erfaring frå forsking på hydrogentryggleik er ein fordel
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Gode norskkunnskapar er ein fordel

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også bli vektlagt ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga :

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing (3-5 sider) om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga, kva som gjer søkjaren kvalifisert til stillinga, og korleis søkjaren tenkjer å gjennomføra prosjektet.
  • Ein CV, inkludert relevant arbeidserfaring og attestar.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av referansane bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • Godkjend dokumentasjon på at søkjaren oppfyller krav til engelskkunnskapar (jfr. Krav til engelskkunnskapar ved opptak til Ph.d.-programmet)
  • Ei liste over eventuelt vitskaplege arbeid (publikasjonsliste) og kopiar av relevante publikasjonar der søkjaren er førsteforfattar eller ein av medforfattarane.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS