Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiatstilling i musikkvitskap

Søknadsfrist: 01.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiatstilling i musikkvitskap ved Griegakademiet – Institutt for musikk

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk er det ledig ei stipendiatstilling innan fagområdet musikkvitskap. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år med planlagd start 1. januar 2021.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett i stillinga må utvikle sitt eige prosjekt innanfor fagområdet. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd, og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse.

Om fagområdet

Musikkvitskapen ved Griegakademiet – Institutt for musikk har ei brei internasjonal orientering med vekt på kunnskap om musikk relatert til kultur- og samfunnsteori, samt nyare perspektiv innan musikkvitskap og medievitskap. Instituttet sin musikkvitskaplege forskingsprofil inkluderer arbeid innan områda populærmusikk, etnomusikologi, kritisk musikologi, kjønn og seksualitet, musikk og politikk, og norsk tradisjonsmusikk. Andre kompetanseområde er musikk i Russland, Tyrkia og Norden. Ved instituttet er også Arne Bjørndals samling – eit folkemusikkarkiv med primært fokus på innsamling og forsking retta mot vestnorsk tradisjonsmusikk. Instituttet har eit tett samarbeid med KODE om Senter for Griegforsking. Senteret har fokus på studier av Edvard Griegs musikk, hans historiske rolle og kulturelle aktualitet, samt musikklivet lokalt og regionalt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan musikkvitskap. Søkjarar med grad innan andre relevante fagområde kan vurderast viss prosjektet er innanfor fagområdet. Søkaren si masteroppgåve må ha eit omfang på minimum 30 studiepoeng, og karakteren på masteroppgåva må som hovudregel vere B eller betre.

Prosjektet må høyre inn under musikkvitskap og vil verte vurdert i lys av forskingskompetansen og forskingsstrategien ved instituttet. Hovudrettleiar vil som regel vere fast tilsett ved instituttet. Det skal gå fram av søknaden kven som har stadfesta å kunne vere hovudrettleiar for prosjektet.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Stipendiaten vert tilsett ved Fakultet for kunst, musikk og design, med plikt og rett til å ta del i undervising, eksamensarbeid og/eller forskingsadministrasjon i 25 % av stillinga i tilsetjingsperioden, dette etter dei studieordningane som gjeld til ein kvar tid.

Den som vert tilsett, må søke om opptak på ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Ved Griegakademiet – Institutt for musikk vil kandidaten bli knytt til forskarskolen Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies, som samlar kandidatar frå eit breitt fleirfagleg musikkfelt. Stipendiatar vil og bli knytt til relevante forskargrupper ved instituttet.

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Griegakademiet – Institutt for musikk, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektomtale, inntil 5 sider (20 000 teikn), og namn på føreslegen rettleiar
  • Framdriftsplan for prosjektet
  • Vitnemål frå universitet/høgskule (skanna versjon) som viser at du har relevant utdanning
  • CV
  • Liste over eventuelle vitskaplege produksjonar.

Ein komité vil vurdere søknadene. Hovudkriteria ved vurderinga er søkjaren sitt forskingspotensial, slik det går fram av prosjektskissa, hovudfags-/ mastergradsoppgåva, og andre vitskaplege arbeid (dersom tilgjengeleg).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Randi Rolvsjord tlf. +47 97514878, e-post: randi.rolvsjord@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS