LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat ved Senter for vitskapsteori

Søknadsfrist: 07.06.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiatstilling ved Senter for vitskapsteori (SVT)

Ved Senter for vitskapsteori er det ledig ei stilling som stipendiat i vitskapsteori. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. Vi søker ein høgt motivert person til å forske på forsking. Den som vert tilsett vil delta i eit tverrfagleg miljø under rettleiing av ein av dei fast tilsette ved senteret.

Senter for vitskapsteori (SVT) er eit tverrfagleg, interfakultært senter ved Universitetet i Bergen med ansvar for forsking, utdanning og formidling innanfor fagfeltet vitskapsteori som inkluderer både interne og eksterne perspektiv på vitskap, inkludert vitskapsfilosofi, vitskapshistorie, STS (science and technology studies), forskingsetikk og andre perspektiv i den grad vitskap i brei forstand er forskingsobjektet. Les meir om senteret her: www.uib.no/svt

Ein forventar at søkjarane vel eit område som kan bli rettleia av ein av dei fast tilsette ved senteret. Vi ber søkjarar om å ta kontakt med ein aktuell rettleiar i fagmiljøet for å avklare relevans for forskingsmiljø og moglegheit for rettleiing.

Om stillinga

Stillinga blir lyst ut innan eitt av dei følgjande forskingsfelta:

  • Utfordringar i tilhøvet mellom vitskap og dei store aktuelle samfunnsutfordringane
  • Grensesnittet mellom vitskap og samfunn
  • Tilhøvet mellom vitskap, verdiar og etikk
  • Samfunnsvitskapeleg filosofi
  • Humanistisk filosofi
  • Studium av vitskap og teknologi
  • Sosial og politisk teori

Søkjarar med bakgrunn på tvers av vitskapar og humaniora/samfunnsvitskapar er velkomne til å søkje. Vidare vert søkjarar med prosjekt som involverer detaljerte «case studium» oppmoda om å søkje.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad i eit relevant fagfelt (nemnd ovanfor). Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Dokumentasjon av utanlandsk utdanning vil kunne bli sendt til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane blir det lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år, som mellom anna inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og ein midtvegsevaluering halvvegs i stipendiatperioda. Trykk her for meir informasjon om innhaldet i Ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.

Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Det humanistiske fakultet.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på 490 800,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Maks. 5 sider prosjektskisse.
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert.
  • Relevante attestar.
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS